Hopp til innhold

Kongo-mødrene fortvila over UD

Mødrene til Tjostolv Moland og Joshua French meiner UD må bli tøffare etter at nye framstøyt overfor kongolesiske styresmakter ikkje førte fram.

Kari Hilde French (t.v.) og Mathilde Moland.

FORTVILA: Kari Hilde French (t.v) og Mathilde Moland meiner UD gjer for lite i Kongo-saka.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

– Vi er fortvila. Det første møtet i juni førte ikkje fram. Det er ikkje noko lys i tunnelen, seier Mathilde Moland til Dagbladet.

– Fins moglegheiter

– Hadde vi hatt ein dato å forholde oss til, hadde vi visst når dei skulle blitt utlevert, ville ting vore enklare. Slik det står no kan det vere til jul, om eitt år, om to år. Vi veit ikkje, seier ho.

Moland og French sit fengsla på tredje året i Kongo, etter at dei vart dømde for drap på ein sjåfør. Kari Hilde French meiner at UD ikkje tek nok initiativ i saka.

– Eg etterlyser meir kreativitet hos UD. Det er viktig at dei brukar alternative kanalar for å nå president Kabila. Personlege kontaktar er veldig viktig i Afrika. Det fins ein del moglegheiter som Norge ikkje har brukt, seier ho til avisa.

Slit med sjukdom

Hanne Melfald

Hanne Melfald, UD

Foto: Utenriksdepartementet

UD svarar slik på kritikken får mødrene:

– Vi er ikkje einig i at UD har gjort for lite i saka, seier kommunikasjonsrådgjevar Hanne Melfald.

Dagbladet skriv at dei to dødsdømde nordmennene slit med sjukdom. Joshua French har ein alvorleg halsbetennelse.

I tillegg deler dei rom med fleire andre i 30–35 varmegrader. Dei to sit fengsla i hovudstaden Kinshasa. Forholda vert beskrive som særs tøffe.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %