Under Landskappleiken i Rauland gjekk kongepokalen i år til vinnaren av klasse A i vokal folkemusikk. I denne klassa tevlar dei beste kvedarane i landet, og i år var det Ragnhild Furholt som gjekk av med sigeren.
Furholt kjem frå Songdalen i Vest-Agder og har vore aktiv folkesongar sidan ho var 17 år gammal. Ho har tidlegare vunne Landskappleiken tre gonger. I år vann ho også kongepokalen, som kvart sjuande år går til den beste utøvaren i vokal folkemusikk.
Den tredje frå Agder
-Eg synest det er litt moro at eg er den tredje frå Agder-fylka som får kongepokalen i vokal folkemusikk. Både Gunhild Tømmerås og Kirsten Bråten Berg har tidlegare vunne pokalen, seier Ragnhild Furholt, som fortel at det kan gå fleire år mellom kvar gong ho deltek på Landskappleiken.
-I år var det naturleg å vere med fordi eg arbeider her i Rauland. Men eigentleg er det veldig nervepirrande å delta på kappleikar, seier ho.
Furholt fekk 136 poeng av dommarane på kappleiken, ein svært høg poengsum. Med si vare røyst og suverene framføring song ho balladen Unge Svegder, etter notenedteikningar og voksrullopptak etter Svein Hovden. Deretter framførte ho nystev frå Setesdal, der stevtonane er etter Torleiv H. Bjørgum.
-Melodien og tonaliteten er aller viktigast for meg når eg skal formidle ein ballade. Det er melodien som gjev inspirasjon til korleis teksten skal formidlast, seier Furholt.
Ny plate
Ragnhild Furholt er høgskulelærar ved folkemusikkstudiet i Rauland, der ho underviser i kveding, dans og folkemusikkteori. I vokal folkemusikk klasse A deltok også seks av hennar tidlegare studentar, ei klasse som heldt eit svært høgt nivå i år. Dette fortel ganske mykje om nivået på undervisninga hennar i Rauland.
Furholt har arbeidd aller mest med tradisjonsstoff frå Agder-fylka, og i 1999 fekk ho Statens arbeidsstipend for folkekunstnarar. I 1997 vann ho Spelemannsprisen for plata «Segner syng«.
-I Agder finst ei mengd tradisjonsstoff som berre ligg og ventar på å bli gjort noko med. Det er veldig få i regionen som arbeider med dette, fortel Furholt.
«...på alle strengjer« er namnet på den nye plata hennar med vokal folkemusikk frå Agder. Her har Furholt fått med seg Helene Waage på barokkcello og Leiv Solberg på hardingfele, mandola og gitar. Det meste av stoffet på plata er ganske ukjend, og her finn ein viser i alle sjangrar. Her er også slåttetrallar, der slåttar er overførte frå hardingfele til song. Etter planen blir det CD-slepp under Førde internasjonale folkemusikkfestival, som vert arrangert 5.-8.juli.