Hopp til innhold

Kongen besøkte Sørlandet: – Veldig artig

Konge Harald var mellom anna innom Den Lille Dyrehage då han besøkte Gjerstad tysdag ettermiddag.

Se Kong Harald sitt møte med lemurene i Den Lille Dyrehage i Gjerstad.

Kongen besøkte mellom anna lemurane i Den Lille Dyrehage i Gjerstad.

Kongen i Gjerstad

Kongen vart møtt med blomster og jubel då han kom med toget på Gjerstad stasjon.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK
Inger Løite tek imot Kong Harald

Gjerstad-ordførar Inger Løite tek

Foto: Hans Erik Weiby/NRK
Kongebesøk i Gjerstad

Tradisjonen tru fekk kongen blomster då han kom til Gjerstad.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK
Inger Løite og Kong Harald

Gjerstad-ordførar Inger Løite og Kong Harald forsyner seg av matfatet.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

Kongen vart kongen møtt av glade barn, fungerande fylkesmann Knut Berg, Gjerstad-ordførar Inger Løite og politimeister Kirsten Lindeberg på Gjerstad stasjon i 15-tida tysdag ettermiddag.

Tradisjonen tru vart han møtt av to barn med blomster.

Besøkte regnskogen

Etter mottakinga på togstasjonen vart kongen frakta til Den Lille Dyrehage i ein veteranbuss. Der skulle han innom regnskogen.

– Det var veldig artig. Eit veldig morosamt påfunn. Dei har fått det flott til også, sa kongen til NRK.

Det var ikkje tilfeldig at kongen besøkte regnskogen i dyrehagen. Kongen er nemleg høg beskyttar for årets tv-aksjon.

Kongen har tidlegare besøkt regnskogen. I 2013 fekk han draumen oppfylt då han budde saman med yanomami-indianarane djupt inne i Amazonas i fire dagar.

Møtte ungdommar

Etter dyrehagebesøket møtte kongen mellom anna einslege mindreårige asylsøkjarar. Bakgrunnen var Gjerstad kommune sitt vellukka arbeid med integrering.

– Det er veldig interessant, morosamt og hyggeleg å sjå korleis kvart lokalsamfunn tek var på sine innbyggjarar som våre nye landsmenn vert ein del av. Eg snakka med fleire av dei og dei følte seg veldig heime her, seier kongen.

Han møtte også bebuarar frå Gjerstadheimen, MOT-ungdom, ungdom frå Jeger- og Fiskeforeininga og Gjerstad Idrettslag.

Tidlegare på dagen var kongen på besøk i Drangedal.

Sjå videoar frå kongebesøket

Se video fra Kong Harald sitt besøk i Gjerstad.

Kongen møtte fleire ulike folkegruppe under besøket sitt i Gjerstad. Kommunen kan mellom anna vise til vellykka integrering. Difor møtte kongen mellom andre unge einslege asylsøkjarar og bebuarar frå Gjerstadheimen.

Se kongens ankomst i Den Lille Dyrehage.

Kongen besøkte Den Lille Dyrehage i Gjerstad. Sjå innkomsten her.

Den lille dyrehagen venter på kongen

Dei var spente i Den Lille Dyrehage før kongebesøket.

Kong Harald kom til Gjerstad tirsdag ettermiddag.

Sjå mottakinga kongen fekk då han kom til Gjerstad stasjon.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %