Kommunen vil hjelpe Vipers

Kristiansand kommune vil ettergi halvparten av eit lån på 450 000 kroner til Vipers Kristiansand. Men klubben må også bidra sjølv.

Aquarama, Vipers Kristiansand

Vipers Kristiansand spelar heimekampane sine i Aquarama. Dei har søkt om å få ettergitt eit kommunalt lån på 450 000 kroner.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Det går fram i rådmannen si innstilling på Vipers Kristiansand og Våg Håndballklubb sin søknad om økonomisk hjelp.

– Vi får noko av det vi søkte om, men vi hadde håpa på meir, seier styreleiar i Våg Håndballklubb, Per Geir Løvstad.

– Er dette nok?

– Det betyr at vi må finne pengane vi ikkje får på ein annan måte. Då er det stort sett sponsorar vi må vende oss til. Vi jobbar hardt kvar dag og det drypp inn litt kvar dag. Vi reknar med å få det til, seier Løvstad.

Vil ettergi halvparten av lånet

Klubben har søkt om å få ettergitt eit kommunalt lån på 450 000 kroner. I tillegg har klubben bede om å få sleppe å betale ekstraordinær halleige i Aquarama dei neste tre åra.

Rådmannen føreslår å ettergi halvparten av lånet, dersom klubben sjølv betalar den andre halvparten. Leigeprisen i Aquarama vil ikkje rådmannen redusere.

– Vi reknar med at vi skal få det til, men vi hadde komme betre av garde om vi hadde fått hjelpa vi hadde søkt om, seier styreleiaren i handballklubben.

– Vi må balansere det sportslege og økonomiske heile vegen, i og med at vi har ganske ambisiøse sportslege mål, seier Løvstad.

Marta Tomac, Vipers Kristiansand

Marta Tomac og Vipers Kristiansand opplever gode tider sportsleg. Klubben ligg på andreplass i eliteserien.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Må gå med overskot

– Det vil avgrense vår handlefridom framover. Vi må skaffe resterande pengar gjennom overskot dei neste to åra. Det er tøft. Det blir over ein halv million i overskot per år. Det er overskot vi sjeldan har sett i vår klubb, seier han.

Vipers må ha positiv eigenkapital innan 31. desember er 2018 for å få eliteserielisens.

Ved årsskiftet hadde klubben ein negativ eigenkapital på over 1,3 millionar kroner. Klubben må difor ha eit driftsoverskot som dekkar inn eigenkapitalbehovet innan fristen.

– Vipers må ta ansvar for situasjonen klubben er komme i, og må ta omsyn til avtaler ein har forhandla fram og underskrive på, skriv rådmannen i innstillinga.

Skal behandlast politisk

Men det er slett ikkje sikkert at klubben får ei krone frå kommunen.

Rådmannen sitt forslag skal først behandlast i kulturstyret og kommunalutvalet. 23. november skal politikarane i bystyret ta endeleg stilling til om kommunen skal hjelpe handballklubben.

– Ein veit aldri før det har vore gjennom kulturstyret. Vi har snakka med ein del av gruppene og føler vi har ei viss støtte for vår sak, seier Løvstad.

Tidlegare i haust fekk også IK Start hjelp frå kommunen på grunn av ein vanskeleg økonomisk situasjon. Klubben fekk redusert leigeprisen på Sør Arena. Også dei søkte om meir, men fekk litt.

– Totalt sett kan vi sikkert ikkje vere misnøgd med dette, seier Løvstad.