Hopp til innhold

Opprettar mobbeombod: – Ei enorm glede

Det er fleirtal for å opprette eit forelde- og mobbeombod i Søgne kommune. Mor til tidlegare mobbeoffer er strålande nøgd.

Ann Kristin Liland

Ann-Kristin Liland er særs glad for at Søgne kommune no vil opprette eit mobbeombod.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

– Eg kjenner på ei enorm glede. Eg skulle ynskje at eit slikt ombod fantest då vi stod midt oppe i det. Men dette er den mest gledelege nyheita for vår familie sidan dommen fall i 2013, seier ho.

Christian Eikeland

Christian Eikeland (Frp).

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Ho er mor til tidlegare mobbeoffer Robert Liland som fekk 650 000 kroner i erstatning frå Søgne kommune i 2013.

Etter det NRK kjenner til er det ingen andre norske kommunar som har eit slikt ombod. Ombodet skal bistå foreldre som har barn som vert utsett for mobbing.

Saka vart behandla i tenesteutvalet i kommunen onsdag. Der var alle samstemte i at det er eit behov for eit slik ombod.

Meiner behovet er stort

– Eg var veldig glad for at det var einstemmig. Det viser at Søgne kommune prøver å ta mobbing på alvor, seier Christian Eikeland (Frp) til NRK.

– Liland-saka, men og mange andre saker som går på mobbing seier oss i Frp at vi kanskje ikkje har gjort nok, seier han.

Ann-Kristin Liland får ofte telefonar frå foreldre som har born i skulen som vert utsett for mobbing. Ho meiner behovet er stor.

– Behovet er heilt enormt. Vi burde ha hatt ein foreldretelefon også, der foreldre kan få råd og rettleiing. Dette er umogleg å takle aleine, seier ho.

Håpar å komme i gang til hausten

Det var Framstegspartiet som fremja forslaget om å opprette ombodet. Saka skal til endeleg behandling i kommunestyret rett før påske. Alt tyder på at det vil vere fleirtal også der.

Ordførar i Søgne, Åse R. Severinsen (H), seier at det blir avgjerande at personen som vert tilsett som mobbeombod ikkje har nokon bindingar.

– Vi må finne ut korleis vi kan bruke dette på ein god måte slik at det får ein funksjon. Folk må ha tillit til og tore å bruke det. Det må vere ein person som står utanfor systemet, men samstundes kan rapportere inn, seier ho.

Robert Liland

Robert Liland, som no har skifta namn til Robert Mellom Bakkarogberg, vann ei rettssak mot Søgne kommune i 2013.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %