Hopp til innhold

Knuste Stord på bortebane

ØIF Arendal tok sin andre strake siger og nærmar seg medaljeplass i debutsesongen i eliteserien i handball.

ØIF Arendal-jubel

SIGER: ØIF Arendal knuste Stord på bortebane.

Foto: Sander Heggheim/NRK

I kveldens kamp knuste ØIF Arendal Stort 31-17 på bortebane. Arendalittane tapte mot det same laget på heimebane tidlegare i år.

– I dag tykkjer eg vi presterer på eit veldig høgt nivå. Antakeleg det beste eg har vore med på med dette ØIF-laget. Vi startar kampen som ein gjeng svoltne løver. Det ser ut som om vi er sluppe ut frå Kristiansand Dyrepark, og vi fightar rett og slett Stord i senk, seie trenar Leif Gautestad til NRK.

God Paulsen

Laget låg føre ØIF på betre målskilnad på tabellen før kveldens kamp. Men det var klasseskilnad på laga - iallefall sett utifrå sluttresultatet. Allereie etter 14 minuttar spel hadde sørlendingane opparbeida seg ei solid leiing med 10-4. ØIF Arendal leia 19-8 til pause.

I andre omgang heldt ØIF Arendal fram med å køyre over Stord. Med ungguten Sondre Paulsen i spissen, leia laget heile 30-15 midtvegs i andre omgang.

Nær medalje

Sondre Paulsen vart toppscorar med sju mål. ØIF Arendal ligg no på 6. plass på tabellen kun tre (!) poeng bak medaljeplass. Men Gautestad torer ikkje heilt å tru på edelt metall.

– Vi kan sjå oppover. Sjølvsagt fins det moglegheiter til å ta att laga føre oss på tabellen. Vi skal gjere så godt vi kan og eg trur vi kan ha moglegheiter, men eg har eit relativt audmjukt forhold til dette med medalje, seier Gautestad.

Laget har vunne fire av fem kampar etter nyttår.

Terminliste ØIF Arendal 09/10

Terminliste ØIF Arendal 09/10

1. ØIF Arendal - Sandefjord

27-24

2. Elverum - ØIF Arendal

30-17

3. ØIF Arendal - Follo

23-21

4. Bodø HK - ØIF Arendal

32-27

5. ØIF Arendal - Stord

27-30

6. Haugaland - ØIF Arendal

22-29

7. ØIF Arendal - Drammen

30-31

8. Fyllingen - ØIF Arendal

35-21

9. ØIF Arendal - Bækkelaget

32-26

10. ØIF Arendal - Elverum

32-32

11. ØIF Arendal - Runar

27-29

12. Sandefjord - ØIF Arendal

23-24

13. Haslum HK - ØIF Arendal

26-29

14. Follo - ØIF Arendal

30-22

15. ØIF Arendal - Bodø HK

32-29

16. Stord - ØIF Arendal

17-31-

17. ØIF Arendal - Haugaland

29-26

18. Drammen - ØIF Arendal

37-27

19. ØIF Arendal - Fyllingen

35-29

20. Bækkelaget - ØIF Arendal

32-26

21. ØIF Arendal - Haslum

31-30

22. Runar - ØIF Arendal

19-25

Ekspander/minimer faktaboks
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %