Hopp til innhold

Knivstikking, skyteepisode og kranglefantar

Dette måtte politiet handtere natt til søndag.

04.35 Kristiansand: Ein 20 år gammal mann er sett i arresten etter at han skaut mot ein taxisjåfør med ein softgun. Episoden fann stad i Tveit. Les meir her.

03.51 Lyngdal: Ein rusa mann (38) vart funne sovande i veggrøfta av ein forbipasserande. Då han vart vekt vart han «vill og utagerande», opplyser politiet. Dei køyrde han til slutt heim.

03.18 Kristiansand: Ein 54 år gammal mann vart arrestert med narkotika, øks og ein kniv.

02.15 Risør: Ei 17 år gammal jente vart stoppa på ein firhjuling utan hjelm. Jenta hadde også drukke alkohol.

02.05 Vennesla: Ein 33 år gammal mann vart sett i arresten etter å ha forulempa politiet. Mannen er meld for ikkje å ha høyrt på politiet etter å ha blitt bortvist.

01.51 Marnardal: Ein bil køyrde i ein transformator. Ingen personar vart skada i kollisjonen.

01.42 Kristiansand: Ein mann vart bortvist frå sentrum etter amper stemning i Dronningensgate. Ein annan mann vart sett i arresten.

01.23 Kristiansand: Politiet har sett i gang etterforsking etter at ein mann (22) vart funne knivstukken på Lund i Kristiansand. Les meir her.

01.17 Arendal: Det oppstod bråk i ein bursdag som gjorde at politiet vart tilkalla. Det skal mellom anna ha blitt kasta møblar rundt i huset. Politiet fekk til slutt roa festdeltakarane.

01.04 Kristiansand: Ein mann vart nekta å komme inn på ein utestad i sentrum, men nekta å godta dette og oppførte seg trugande. Politiet bortviste mannen frå sentrum resten av natta.

00.16 Kristiansand: Ein 33 år gammal hamna i krangel med ei dørvakt. Han skal også ha dytta dørvakta. Politiet bortviste mannen frå staden.

23.57 Arendal: Ei 54 år gammal kvinne gjekk til angrep på ein politibil. Kvinna er meld for ordensforstyrring og for å hindre offentleg tenestemann i å utføre jobben sin.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %