Hopp til innhold

Her enda flukta etter knivran

Tre personar er arresterte mistenkt for å ha rana ein Joker-butikk i Kvås i Lyngdal med kniv. Dei tre vart arresterte ved Hompland i Lyngdal.

Ransbil i Kvås

Dei tre personane som er pågripne og mistenkt for ranet i Kvås køyrde av vegen før dei vart pågripne.

Foto: Lars Eie/NRK

Personane skal ha brukt kniv under ranet.

Ifølgje politiet stakk ranarane av i ein kvit varebil etter ranet som skjedde i 17.30-tida. Kring ein time seinare vart dei tre arresterte ved Hompland i Lyngdal.

NRK får opplyst at dei tre personane køyrde av vegen på ein blindveg like før dei vart arresterte. Dei skal også ha vore rusa.

Etter det NRK kjenner til skal dei tre vere i 20-åra.

Tre personer er arrestert mistenkt for å ha ranet en Joker-butikk i Kvås i Lyngdal med kniv. De tre ble arrestert ved Hompland i Lyngdal.

SJÅ VIDEO: Tre personar er arresterte etter å ha rana ein Joker-butikk i Kvås.

To tilsette på jobb

– Ranarane har fått med seg kontantar, øl og tobakk, seier operasjonsleiar Øyvind Hægeland til NRK.

Politiet sette inn alle ressursane i nærområdet for å prøve å få tak i ranarane som stakk frå staden.

Det var to tilsette i butikken då ranet skjedde. Desse er no tekne med til avhøyr.

– Ingen av dei er fysisk skada etter ranet, seier Lene Simonsen som er tryggingsansvarleg i Kjøpmannshuset som driv Joker-butikkane i Norge.

Simonsen seier at dei har sett i verk tiltak for å vareta dei to tilsette.

– Det er til dømes snakk om krisepsykiatrisk hjelp. Etter ei slik hending kan du oppleve å få ein reaksjon i ettertid. Det handlar om å førebyggje det, seier ho.

Få Joker-ran

Simonsen seier at det er særs sjeldan at Joker vert utsett for ran.

– Vi har kanskje eitt eller to tilfelle i løpet av eit år. Vi har sikra oss godt og har gjort ulike tiltak for å hindre ran, seier ho.

– Er det overvakingskamera i denne butikken?

– Det har eg ikkje oversikt over akkurat no. Det varierer litt frå butikk til butikk, men dei fleste butikkane har overvakingskamera, seier ho.

NRK har vore i kontakt med styreleiar Per Espeland i butikken. Han vil førebels ikkje seie noko om det som har skjedd.

Joker Kvås

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %