NRK Meny
Normal

Knepen siger for ØIF Arendal

ØIF Arendal fekk ein god start i sin første kamp etter EM-pausen, og slo Sandefjord 24-23 på bortebane.

ØIF Arendal-jubel

TO POENG: ØIF Arendal tok to viktige poeng i bortemøtet med Sandefjord.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det var ein tøff kamp med mange duellar og ein kamp som blir veldig oppstykka i spelet. Innsatsen var nok større enn prestasjonen i dag. Det er desto meir gledeleg at vi etter ein skikkeleg fight står att med begge poenga, seier trenar Leif Gaustestad til NRK.

Andre bortesiger

David Svenningsen

TOPPSCORAR: David Svenningsen vart toppscorar for ØIF med seks mål.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Kampen vart avgjort halvminuttet før slutt då Sondre Paulsen fastsette sluttresultatet til 24-23 mot laget som ligg sist på tabellen. Gautestad meiner det var særs viktig å vinne den første kampen etter EM-pausen.

– Det er utruleg viktig. Skal vi nå måla vi har sett oss denne sesongen var det viktig at vi vann i dag. På denne måten distanserer vi oss frå Sandefjord. Å få vår andre bortesiger for sesongen var ein fantastisk start på denne andre halvdelen, seier han.

– Eg er godt nøgd med at vi stikk av garde med begge poenga i ein tøff og vanskeleg bortekamp, legg han til.

Knappa innpå

Leif Gautestad, ØIF Arendal

NØGD: Trenar Leif Gautestad var godt nøgd med innsatsen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Med onsdagens siger er laget kun to poeng bak fjerdeplassen.

– Ja, det er utruleg morosamt. Eliteserien er utruleg jamn og uforutsigbar i år. Difor er det kjekt å gå på herrehandball igjen. Vi ser absolutt moglegheiter i tida framover, seier Gautestad.

Dei siste vekene har rykta svirra rundt arendalitten Andrè Jørgensen sin retur til norsk handball. Ifølgje Gautestad er det enno ikkje skrive under noko avtale.

Jørgensen presentert i morgon?

– Vi har ein intensjon om å gjere ei avtale med han, men har endå ikkje skrive under noko avtale. Vi håpar at vi i løpet av veka kan komme til ei signering, seier trenaren.

André Jørgensen

KLAR FOR ØIF? ØIF Arendal kallar inn til pressekonferanse i morgon klokka 13.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

– Det hadde vore ei fantastisk løft for sørlandshandballen og norsk handball at ein slik profil vil komme heimatt. Han er arendalsgut og har 110 landskampar. Det seier seg sjølv at det ville vore fantastisk å få han tilbake, seier han.

– Vil han bli presentert i morgon?

– Det vil tida vise, ler Gautestad før han inviterer NRK til pressekonferanse i morgon klokka 13. Der vil truleg handballprofilen bli presentert som ØIF Arendal-spelar.

Terminliste ØIF Arendal 09/10

Terminliste ØIF Arendal 09/10

1. ØIF Arendal - Sandefjord

27-24

2. Elverum - ØIF Arendal

30-17

3. ØIF Arendal - Follo

23-21

4. Bodø HK - ØIF Arendal

32-27

5. ØIF Arendal - Stord

27-30

6. Haugaland - ØIF Arendal

22-29

7. ØIF Arendal - Drammen

30-31

8. Fyllingen - ØIF Arendal

35-21

9. ØIF Arendal - Bækkelaget

32-26

10. ØIF Arendal - Elverum

32-32

11. ØIF Arendal - Runar

27-29

12. Sandefjord - ØIF Arendal

23-24

13. Haslum HK - ØIF Arendal

26-29

14. Follo - ØIF Arendal

30-22

15. ØIF Arendal - Bodø HK

32-29

16. Stord - ØIF Arendal

17-31-

17. ØIF Arendal - Haugaland

29-26

18. Drammen - ØIF Arendal

37-27

19. ØIF Arendal - Fyllingen

35-29

20. Bækkelaget - ØIF Arendal

32-26

21. ØIF Arendal - Haslum

31-30

22. Runar - ØIF Arendal

19-25