Hopp til innhold

Klubbar snusar på Jerv-talent

Kristoffer Tønnesen (19) har gjort lynkarriere i Jerv-drakta. Etter debutsesongen i fjor er det allereie klubbar som viser interesse for venstrebacken.

Kristoffer Tønnesen, FK Jerv

Kristoffer Tønnesen i aksjon under treningskampen mot Kongsvinger på La Manga fredag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Når eg snakkar med trenarkollegaer er Kristoffer ein dei nemner. Leverer han eitt år til på same nivå kan det bli spennande, seier Jerv-trenar Arne Sandstø til NRK.

Arne Sandstø, FK Jerv

Jerv-trenar Arne Sandstø på trening på La Manga.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Tønnesen stod saman med supporterane i Svaberget i 2015-sesongen. Året etter vart han «kasta» inn på laget etter at Henrik Robstad gjekk til Start.

– Utviklinga hans vert lagt merke til. Jerv er sett litt på kartet, så det er interesse for fleire av våre spelarar, seier sportsleg leiar Cosmo Collett.

Matchvinnar i debuten

Både speidarar og agentar var på fleire av Jerv sine kampar heime på Levermyr i fjor.

– Det har ikkje vore noko formell interesse, men vi veit det har vore oppe, for vi veit jo kven som skal ha billettar, ler han.

Tønnesen fekk ein pangstart på Jerv-karrieren då han vart matchvinnar i serieopninga mot Ranheim i fjor.

– Dei første kampane var kanskje ikkje så veldig bra, men eg tok nivået relativt kjapt og klarte meg greitt til slutt, seier 19-åringen beskjedent, som vart matchvinnar i debutkampen mot Ranheim i fjor.

Han vart betre og betre utover i sesongen og vart seinare kalla opp til U21-landslaget. Men hovudpersonen tek interessa frå andre klubbar med stor ro.

– Det tenker eg ingenting på. Det er agenten min som tek. Eg har to år att av kontrakten og held meg til det førebels, seier han.

Jerv-scoring

Det var Kristoffer Tønnesen som la innlegget då Andreas Hagen scora mot Kongsvinger i ein treningskamp på La Manga fredag.

Foto: Sander Heggheim/NRK / NRK

Skada i oppkøyringa

– Han spelte ein treningskamp mot Start i februar i fjor og spelte frykteleg dårleg. Etter det har det gått ein veg. Han har gitt gass og turt. Han er strukturert og har kontroll på livet. Det gjer at han kan utvikle seg. Men han må tole treninga, og gjer han det vil han utvikle seg endå meir, seier trenaren.

I oppkøyringa har Tønnesen slite med skader, men no er han på veg tilbake for fullt.

Han hadde assist då Jerv spelte uavgjort 1–1 mot Kongsvinger på La Manga fredag. Eit nydeleg innlegg landa på panna til Andreas Hagen som heada ballen i mål.

– Først må eg halde meg skadefri. Så skal eg ta nye steg og bidra endå meir til at laget gjer det bra, seier han og hevdar at han ikkje tenker mykje på klubbar som viser interesse for han.

Kristoffer Tønnesen og Tonny Brochmann scorte dagens mål for Jerv mot Ranheim.

Sjå intervju med Kristoffer Tønnesen og Tonny Brochmann etter serieopninga i fjor. Der vart Tønnesen matchvinnar.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %