Hopp til innhold

– Ein skandale at ikkje noko er blitt gjort

Demokratenes Vidar Kleppe rasar mot styresmaktene etter at det ikkje har blitt gjort noko med dei kjemiske våpna som ligg utanfor Sørlandskysten. Kleppe har kjempa for dette i fem år.

Demokratenes Vidar Kleppe rasar mot styresmaktene etter at det ikkje har blitt gjort noko med dei kjemiske gassane våpena som ligg utanfor Sørlandskysten.

VIDEO: Vidar Kleppe (Dem) tok opp saka om kjemiske stridsvåpen utanfor Sørlandskysten allereie i 2008.

– Et tykkjer at det er ein skandale at det ikkje er blitt gjort noko på fem år, seier Kleppe til NRK.

Onsdag fortale NRK om skip etter skip som ligg på havbotnen utanfor Sørlandskysten, fylt til randa med kjemiske våpen.

Tok opp saka i 2008

Skipsvrak på bunnen av Skagerrak utenfor Arendal

KARTLAGT: Eit lasteskip som oppdaga av sonar frå FFI i 2009. Fleire andre senka skip med kjemiske stridsmiddel veit ein ikkje nøyaktig kor ligg.

Foto: FFI

Allereie i 2008 tok Kleppe opp saka i fylkestinget i Vest-Agder. Kleppe fekk einstemmig støtte der om å ta initiativ overfor sentrale styresmakter om å fjerne og kartleggje giftgassane. I 2013 har framleis ingenting skjedd.

– Ingen må fortelje meg at det ikkje er farleg når menneske kjem i kontakt med slikt, seier Kleppe.

Skipsvraka ligg rundt 46 kilometer utanfor Arendal og ved Lista på Sørlandskysten. Skipa inneheld ei stor mengd flybomber på opptil 250 kilo og ulike granatar.

I Arendal har ekspertar funne ut at vraka mellom anna inneheld stridsgassen sennepsgass.

– La Sundtoft ta tak i dette

Kleppe krev no at miljøvernminister Tine Sundtoft, frå Lillesand, tek tak i saka.

– La ho byrje med det ho kjenner til. No kan ho setje i gang med å få gjort noko med dei farlege gassane som er her nede på Sørlandet, seier Kleppe.

Samstundes har han sendt ein interpellasjon til fylkesordføraren i Vest-Agder. Der ber han om at fylket tek direkte kontakt med Sundtoft:

«Vil fylkesordføraren derfor snarast ta et initiativ ovenfor den nye klima- og miljøministeren, Tine Sundtoft, for å få fortgang i arbeidet med å lokalisere og fjerne de kjemiske stridsmidlene og ammunisjonen etter annan verdskrig som ligg på havets botn i Skagerrak?»

168 000 tonn kjemiske stridsmidler og våpen ligger dumpet i havet utenfor Arendal. Der har de ligget i 70 år - og lekker gift.

VIDEO: Sjå Dagsrevy-reportasjen om dei kjemiske stridsmidla og våpna som norske styresmakter ikkje veit kvar er nøyaktig.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %