– No er alt fryd og gammen her, men det vil garantert smelle, ler tidlegare landslagsspelar Preben Vildalen.
Den gamle strekspelaren hjelper no Vipers Kristiansand i marknadsarbeidet. Sjølv har han hatt Pettersen som trenar i ti år, både på klubb- og landslag.
– For meg er Gunnar den beste trenaren handball-Norge har hatt nokosinne. Han er grundig i alt han gjer, hatar å tape og flink til å motivere, seier Vildalen.
- Les også: Vipers vil hente Løke
Pettersen: – Litt meir polert
Som handballtrenar har Pettersen blitt kjend for mellom anna sitt forrykande engasjement og temperament. Sist han var landslagstrenar hadde han fleire utblåsingar i time-outane og i intervjusona etter kamp.
Søndag leiar han Vipers Kristiansand mot Byåsen i eliteserien for kvinner.
– Det blir sikkert som tidlegare, men kanskje litt meir polert, gliser Pettersen.
– Har du roa deg?
– Eg likar i alle fall å tru det sjølv, ler han.
Det har ikkje den tidlegare eleven noko som helst tru på.
– Når det kokar som verst skal eg love deg at det vert show i timeoutane i hallen. Det publikum får sjå her, trur eg aldri dei har sett i Kristiansand før. Det gler eg meg veldig til å sjå, seier Preben Vildalen.
– Kva er det verste han har sagt til deg i kampsituasjon?
– Nei, det eignar seg verken på lufta eller på trykk. Eg har «fighta» mykje med Gunnar og han tåler at du har meiningar. Men han er ufatteleg tydeleg dersom du ikkje gjer det som er avtalt, seier Vildalen.
Pettersen inn = meir pengar
Trenaren får skryt frå spelarane i Vipers – i alle fall før sesongstart, og før første timeout i ein obligatorisk kamp.
– Det er veldig bra. Han kjem med bra energi og er flink på detaljane. Det likar eg veldig godt, seier fjorårets toppscorar i eliteserien, Annette Jensen.
– Det er veldig bra. Han er veldig enkel og grei eigentleg. Det er ikkje så mykje hokus pokus, seier Kristine Lunde-Borgersen.
– Det er mykje blest rundt oss. Gunnar er ein kul type og ein veldig flink trenar. Det er gøy for oss at folk tykkjer vi er spennande. No må vi berre levere, seier Sanne Bak Pedersen.
Signeringa av Gunnar Pettersen har gitt sørlandsklubben eit stort løft både på spelarsida og marknadssida. Mange nye fjes er henta inn og medieinteressa er større enn på lenge.
Ifølgje dagleg leiar Terje Marcussen har klubben auka budsjettet med 1,5 million kroner etter at Pettersen kom inn.
Han merkar også større interesse rundt klubben, som har ligge på nedre halvdel av eliteserietabellen dei siste åra.
– Vi merkar på sponsorane at det er større interesse. Vi har signert mange nye avtaler denne veka. Vi har ein plan vi følgjer og vi skal auke med tilsvarande neste år. Då er vi oppe i kring 10 millionar kroner i omsetning. Det må vi ha for å vere det nest beste laget i Norge, seier Marcussen.
Trur på medaljekamp
Preben Vildalen har tru på at Pettersen kan føre Vipers Kristiansand til suksess. Pettersen har sjølv sagt til NRK at han trur topp fem er realistisk.
– Gunnar treng tid. Det er eit veldig nytt lag, men eg det er mange gode handballspelarar i Vipers. Eg trur dei kan blande seg inn i medaljekampen, sjølv om ein ikkje kan forlange det, seier Vildalen.
– Slik han ser ut no er han den beste utgåva av seg sjølv. Vipers har verkeleg gjort eit skup her, meiner Vildalen.
Gunnar Pettersen og Vipers Kristiansand får ei tøff opning på sesongen. I løpet av dei fem første serierundane møter dei alle tre medaljelaga frå i fjor: Larvik, Byåsen og Tertnes.
Første heimekamp i Kristiansand er kommande onsdag mot Tertnes.
- Les også: – Han har et enormt vinnarinstinkt