NRK Meny
Normal

Klarer ikkje å stille liste til valet

Rødt i Risør klarer ikkje å stille liste til kommunevalet til hausten. Partiet forsøkte å stille fellesliste med SV, men lukkast ikkje.

Knut Henning Thygesen

Knut Henning Thygesen og Rødt stiller ikkje liste til valet til hausten.

Foto: NRK Sorlandet / NRK

Det betyr altså at partiet som har hatt ordførar og varaordførar dei to siste periodane ikkje stiller til val til hausten.

– Eg tykkjer det er litt dumt. For ein liten by som Risør hadde det vore eit veldig godt høve til å gje veljarane eit alternativ på venstresida. No gjekk ikkje det, så vi får prøve igjen om fire år, seier leiar i Rødt, Knut Henning Thygesen til NRK.

– Vi har markert oss

I 2007 vart Thygesen direktevald som ordførar og vart partiet sin første ordførar nokonsinne.

Ved valet for snart fire år sidan var ordninga med direkteval avvikla. Men i samarbeid med Arbeiderpartiet og Senterpartiet vart Thygesen varaordførar.

Trass i at Rødt ikkje klarer å stille liste satsar partiet vidare.

– Rødt-laget vil halde fram med å bidra så godt vi kan sjølv om vi ikkje blir sitjande i bystyret denne perioden. Vi har jo hatt fire representantar i to periodar og har hatt over 14 prosent oppslutnad. Vi har markert oss godt i lokalpolitikken, meiner han.

Prøver igjen om fire år

Ifølgje Thygesen vil partiet prøve å stille liste ved valet om fire år.

Han ser også fordelar med ein periode på sidelinja.

– Eg trur det kan vere bra å få litt avstand for å sjå kva vi har gjort og få litt perspektiv på ting. Kanskje vi kan komme sterkare tilbake igjen, seier han.