Hopp til innhold

Klarar ikkje å levere nok jordbær

Jordbærbønder over heile landet har store problem med å levere nok jordbær. I sommar har jordbærprodusentane levert halvparten så mykje bær som for ti år sidan. No varslar produsentane dyrare bær i tida framover.

Jordbær

TUNGT: Jordbærprodusentane i landet blir ramma av mykje nedbør i sommar. Dagleg går fleire tonn rotne jordbær rett i søpla.

Foto: Gisle Espeland / NRK

– Det er utruleg mykje folk og enorm etterspurnad. Vi har problem med å halde følgje, sjølv om vi leverer mellom 20 000 og 25 000 korger kvar dag. Vi klarar ikkje å dekkje etterspurnaden fullt ut, seier dagleg leiar i Agder Bær og Grønt, Odd Tore Nøding til NRK.no.

Jordbær

JORDBÆR: Mykje svinn i jordbæråkrane vil resultere i dyrare jordbær i tida framover.

Foto: Colourbox

Berre mellom Kragerø i Telemark og Flekkefjord i Vest-Agder blir det levert mellom 10 og 12 tonn jordbær kvar dag. Men det er for lite.

Fortvila bønder

– Det er vanskeleg. Det er mykje nedbør slik at det ikkje tørkar opp i åkrane. Det er lett å få sjukdom og rotne bær, seier Nøding.

Dagleg har jordbærprodusentane i landet møter. Der er tema ofte nedbør og kamp for å klare å levere nok bær til jordbærhungrige nordmenn.

– Vi ser at etterspurnaden er større enn tilførselen. På grunn av dårleg vêr har vi mykje svinn i åkrane og vi klarar ikkje å levere nok, seier Simen Myrene som er leiar i styringsgruppa for jordbærbøndene i landet.

– Vi er sjølvsagt ikkje så happy for det. Det er mange fortvila bønder rundt om som vassar i vatn. Men det er ikkje så mykje vi får gjort med det anna enn å redde det vi kan, seier han.

Dagleg leverer norske jordbærbønder altså mellom 150 og 200 tonn bær. I tillegg kjem sjølvplukk og sal langs sommarvegane.

Jordbær

TØFFE TIDER: Norske jordbærbønder leverer halvparten så mykje bær no, som for ti år sidan. Skulda får det dårlege sommarvêret.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Dyrare bær

– No har vi hatt tre år med regn, så vi er eigentleg ikkje så langt unna normalen. Men om vi går ti år tilbake har vi levert omtrent halvparten dei siste vekene, seier han.

– Kva konsekvensar får dette for jordbærbøndene?

– Det er jo årsinntekta som må gjerast opp om somrane. Uteblir inntektene om sommaren må ein skaffe seg andre inntekter. Vi er avhengig av fint vêr og at det glir greitt. Når det blir vått blir det trøbbel, seier han.

Dei siste dagane har likevel bøndene stort sett klart å levere nok bær. Men no har Myrene fått mange tilbakemeldingar om for lite bær. Det betyr høgare prisar.

– Prisane har eigentleg vore på botn den siste tida. Vi har hatt ei veke no med bra med bær både i nord og sør. No ser vi at tilførselen går ned og då vil prisen auke, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %