NRK Meny
Normal

Klar for to nye år i Vipers

Strekspelar Susann Iren Hall har skrive under ei ny toårskontrakt med handballklubben Vipers Kristiansand.

Created by InfoDispatcher

Susann Iren Hall saman med sportsleg leiar i Vipers Kristiansand Peder Langfeldt.

– Eg har stor tru på klubben og vil vere med vidare, seier Hall til NRK.

Strekspelaren skreiv under kontrakten i Aquarama torsdag kveld. Ho hadde ikkje tilbod frå andre klubbar og var bestemt på å skrive under for eliteserieklubben.

Spent på kven som blir trenar

– Eg trivst veldig godt i klubben. Vi skal ta nye skritt og det trur eg alle spelarane har lyst til å vere med på, seier Hall som har spelt fleire kampar på det norske landslaget.

Vipers Kristiansand har skrive ei intensjonsavtale med Gunnar Pettersen som ny hovudtrenar i klubben.

– Eg er spent på kven som endar opp som trenar, men eg er heilt trygg på at det vert jobba hardt med. Eg gler meg til å høyre meir om det, seier Hall.

Langfeldt: – Viktig

Sportsleg leiar Peder Langfeldt er glad for å ha strekspelaren med vidare.

– Ho har gode kvalitetar både offensivt og defensivt, og tørsten ho har etter å utvikle seg. Det er viktig at vi har så ambisiøse spelarar som ho i troppen, seier Langfeldt.

I januar skreiv Vipers ny kontrakt med danske Annette Jensen. Det betyr at klubben har sikra to av sine viktigaste spelarar med vidare.

– Vi ynskjer alltid å ha med dei beste spelarane vidare. Vi har konsentrert oss om dei to først. Vi har open dialog med ein del andre, så får vi sjå korleis det endar til slutt, seier Langfeldt.