Hopp til innhold

Klar for finale i Klassequizen

Fjære ungdomsskole frå Grimstad er klar for den nasjonale finalen i Klassequizen. Dei slo naboen Holviga skole 17-15 i Aust-Agder-finalen.

Fjære skole i Klassequizen 2016

Fjære skole skal representere Aust-Agder i den nasjonale finalen i Klassequizen.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

– Dette var veldig bra. Skikkeleg, skikkeleg deilig, seier deltakarane på vinnarlaget etter å ha drege i land sigeren.

Det var nemleg eit reint Grimstad-oppgjer i Aust-Agder-finalen i Klassequizen.

Og det vart ein intens og spennande finale i NRK Sørlandet sine lokale på Tangen i Kristiansand. Etter både den tredje og fjerde runden stod det heilt likt.

Avgjort i siste runde

Dermed måtte vi vente heilt til den siste spørsmålsrunden for å få ein vinnar.

På det siste spørsmålet om kva Norges klima- og miljøminister heiter fall avgjerda. Fjære svara Vidar Helgesen som er rett. Medan Holviga bomma då dei svara Ine Eriksen Søreide.

Totalt tok Fjære ungdomsskole to poeng fleire enn naboen Holviga ungdomsskole og sikra dermed finaleplass.

På laget frå Fjære ungdomsskole stilte Amalie de Jong Martinsen, Daniel Kjebekk Drivdal og Jonathan Bergqvist.

Frå Holviga skole stilte Jonas Svendsen, Johanne Ostad og Ragnhild Wirak.

Finale i Oslo 14. mai

14. mai skal Fjære ungdomsskole delta i den nasjonale finalen i Oslo med alle fylkesvinnarane.

Der møter dei blant anna Haumyrheia skole frå Kristiansand som vann den lokale finalen i Vest-Agder.

Fylkesfinale Aust-AGder

Sjå heile finalen her.

Finalen i Klassquiz Vest Agder mellom Lyngdal og Haumyrheia ungdomskole.

Sjå Vest-Agder-finalen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %