– Det er herleg å komme ut frå studio, seier Olaf Rosendahl, Leah Hansen og Magnus Romsdalen rett etter finalen mot Lyngdal ungdomsskole.
Det var dei som trekte det lengste strået i den lokale finalen i NRK sine lokale på Tangen i Kristiansand.
- Sjå heile finalen nederst i saka
Kamp til siste slutt
Øyvind Nilsen, Edi Kudra og Hanna Tobine Ivarsen var Lyngdal sine representantar i finalen, og gav kristiansandarane kamp til døra.
Finalebilletten vart delt ut i den siste og avgjerande kategorien, som var «Frankrike».
Lyngdal måtte svare rett på det siste spørsmål som var kva tittel Manuel Valls har i Frankrike. Samstundes måtte Haumyrheia svare feil for at det skulle bli ei ekstra runde med spørsmål.
Skal lese quizbøker
Ingen av laga svara statsminister, som er riktig svar.
Dermed kunne klassekameratane og dei tre deltakarane frå Haumyrheia skole sleppe jubelen laus etter å ha vunne 14–13.
No skal dei tre elevane førebu seg til finalen i Oslo 14. mai. Den vert sendt på NRK1.
– Det blir vel å lese quizbøker, ta generelle spørsmål og lese på det vi trur kan komme. Det er vanskeleg å førebu seg til Quiz. Ein veit aldri kva som kjem, seier Olaf Rosendahl.
NETT-TV: