NRK Meny
Normal

Kjevik-utbyggjing kan bli utsett

Fylkeskommunen krev arkeologiske undersøkjingar på sørsida av rullebana. I verste fall kan flyplassen få forbod mot å ta imot dei største flya, dersom arbeidet med å utvide rullebana stoppar opp.

Kristiansand Lufthavn Kjevik

UTSETTJING? Utviding av rullebana på Kjevik kan bli utsett på grunn av arkeologiske undersøkjingar.

Foto: Asbjørn Odd Berge/NRK

– Vi fryktar at det skal få konsekvensar for den operative drifta. Det vil seie anten redusert opningstid eller færre flygingar, seier lufthamnsjef Thomas Langeland til NRK.no.

Kan miste godkjenning

Han er kritisk til at fylkeskommunen vil ha undersøkjingar der sikkerheitssona skal byggjast.

Dersom flyplassen ikkje får sikkerheitssona på plass, kan det påverke kva type fly, som kan lande på Kjevik. I verste fall

– Det er også kostnader knytt til dette. Det vil vi helst unngå, seier Langeland.

Ei av årsakene til at fylkeskommunen ber om undersøkjingar, er at kulturhistorisk museum fann steinalderrestar på Hamresanden like ved flyplassen i fjor. Det vart funne eit godt bevart såkalla Sarupanlegg, for første gang i Norge.

Riksantikvaren avgjer

– I forhold til sikkerheita er det vanskeleg å halde flya gåande. Men den treng nødvendigvis ikkje å bli stengd, seier arkeolog, Snorre Haukalid i Vest-Agder fylkeskommune.

No skal Riksantikvaren avgjere om arkeologar skal gjere for-undersøkjingar ved rullebana.

– Dersom Avinor og riksantikvaren blir samde, kan vi gjere for-undersøkjingar så snart snøen er borte, seier Haukalid.