Hopp til innhold

Kjevik jublar for fleire reisande

Talet på reisande frå Kristiansand lufthavn Kjevik har stige kraftig første halvår. Berre i juni i år var det 30 prosent fleire passasjerar enn på same tid i fjor.

Video Færre passasjerer på Kjevik

OPPGANG: Kjevik opplever auke i talet på passasjerar. (Arkivfoto)

Foto: Nyhetsspiller

Thomas Langeland

Thomas Langeland

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Det stadfestar at vi er inne i ei veldig positiv utvikling og at markanden generelt er positiv både på næringslivssida og på fritidsreisesida, seier lufthamnsjef Thomas Langeland til NRK.no.

Vektarstreik

Men at auken er på heile 30 prosent har truleg noko å gjere med at Kjevik i juni fjor vart ramma av vektarstreik.

– Kompenserer vi for dette i forhold til årets tal har vi framleis ein betydeleg vekst, seier Langeland.

I løpet av første halvår har det blitt 18 prosent fleire reisande på Kjevik, i forhold til i 2010. Lufthamnsjefen trur at veksten vil halde fram.

– Eg ventar at hausten også vil gi framleis vekst, men kanskje ikkje så stor som vi har sett første halvår, seier han.

– 5-6 prosent

– Vi hadde ein god vekst andre halvår i fjor. Men det er klart at det skal noko til å oppretthalde ein 18 prosent vekst. At vi kjem til å liggje mellom 5-6 prosent per månad trur vi er rimeleg treffsikkert, seier Langeland.

Fleire reisande betyr også fleire utfordringar fro flyplassen på Kjevik. Spesielt i morgonrushet opplever dei ofte store køar i sikkerheitskontrollen. Der er det no sett i verk tiltak. Blant anna vil bemanninga bli auka. I tillegg vil det komme ein ekstra sikkerheitskontroll over sommaren.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %