– Det vil eg seie er naturleg, men her lyt det diskusjonar til, seier ordførarkandidat i Arbeiderpartiet, Jon Rolf Næss i Arbeiderpartiet til NRK.no.
I år stilte verken Bygdelista, Sv eller KrF til val i kommunen. Om dei har henta mange stemmer herifrå er han usikker på.
– Dette må vi studere før vi kan seie noko om det. Men vi er strålande nøgde med valet, seier han.
Men for å få fleirtal må partiet samarbeide. Her er Senterpartiet, Venstre og Frp aktuelle.
– Senterpartiet har jo signalisert at dei ville sjå valresultata før dei tek stilling. Når vi er så langt føre Høgre (30,4 %), blir det spennande å sjå kva dei vil gjere, seier han.
Mandat i kommunestyret i Bykle (oppgang/nedgang i parentes): Ap 5 (+2), Sp 2 (+1), V 1 (0), H 4 (0), Frp 1 (0), Andre 0 (0)