Normal

Kjempar vidare for outlet

Ordføraren i Lillesand har ikkje gitt opp å få bygd outlet ved Ikea i Sørlandsparken. – Ein trugsel mot mindre sørlandsbyar, meiner gruppeleiar i fylkestinget.

Outlet ved Ikea i Kristiansand

Dette er den aktuelle nabotomta til Ikea i Lillesand, rett over grensa frå Kristiansand.

Foto: Odd Rømteland/NRK

– Det eg kjem til å leggje vekt på er at Lillesand kommune gjennom å vere ein del av Aust-Agder fylke har hatt ein kjøpesenterplan, medan hundre meter lenger vest er eit fylke som ikkje har ein kjøpesenterplan.

Arne Thomassen

Ordførar i Lillesand, Arne Thomassen, trur eit outlet i Sørlandsparken kan trekkje folk til landsdelen.

Foto: NRK

Det seier ordførar i Lillesand, Arne Thomassen.

Fylkesutvalet i Aust-Agder har sagt ja til planane om eit nytt kjøpesenter med 40 til 50 butikkar ved Ikea i Sørlandsparken Øst.

No ventar Thomassen på å få møte kommunalminister Jan Tore Sanner for å få medhald i utbyggingsplanane frå sentrale myndigheiter.

– Viss senteret hadde vore planlagt i Kristiansand og Vest-Agder, så ville dette neppe vore ei sak på statsrådens bord i det heile teke.

– Kan trekkje folk til landsdelen

Det har vore mange rundar om forretningsetablering på Ikea si nabotomt i Sørlandsparken.

Lillesandsordføraren seier han framleis har trua på at blir eit ja til det planlagde outlet-senteret på Lillesand-sida.

– Vi ønskjer å få dette gjennom, då vi meiner det er eit regionalt prosjekt som vil trekkje folk til landsdelen. Eg har fått god støtte frå fylkesordførar Tellef Inge Mørland, så vi kjem nok til å ta den turen saman viss vi kan få det til.

Thomassen trur ikkje det blir vanskeleg å overtyde statsråden.

– Nei, eg trur ikkje det sidan dette er eit regionalt prosjekt som det er naturleg at Sørlandet også får, på lik linje med det som ligg på Austlandet rundt Vestby.

Han seier det er viktig å få fram at dette ikkje skal gå utover bysentera.

– Vi må jobbe for å få fram at dette ikkje skal vere noko konkurranse for bysentera, men tvert imot eit nytt prosjekt med nye moglegheiter.

Trugsel mot mindre byar

Jan Kløvstad (V)

Gruppeleiar for Venstre i fylkestinget i Aust-Agder, Jan Kløvstad.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Gruppeleiar for Venstre i fylkestinget i Aust-Agder, Jan Kløvstad, seier derimot at han er sikker på at den planlagde utbygginga vil svekkje næringsgrunnlaget for sørlandsbyane.

– Ei etablering av slike outsletsenter i Sørlandsparken vil gjere det ufatteleg mykje vanskelegare å drive butikkar med sko, klede og ein del andre produkt på heile Sørlandet.

Kløvstad seier utbygginga er ein trugsel mot mindre sørlandsbyar.

– Det er det ingen tvil om i det heile teke. Vi kan ikkje støtte ei utvikling der sørlandsbyane heiter Sørlandsparken Tingsaker, Stoa, Brokelandsheia og Rom i Lyngdal, for å vere litt fleipete. Men det er yttarst alvorleg det eg seier.

Vestby outlet

Vestby Outlet i Follo trekk mange folk, her under eit «Black Friday»-sal.

Foto: NRK