NRK Meny
Normal

Kjempar mot vindmøller i Birkenes

Motstandarar av utbygging av tre vindmøller i hytteområde i Birkenes fryktar at politikarane skal seie ja til bygging i løpet av våren.

Vindmøllene på Brekstad

Aksjonen Motvind i Birkenes fryktar at kommunepolitikarane skal seie ja til utbygging av vindmøller på grunn av inntekter gjennom eigedomsskatt.

Foto: Brynhild Kjelsli

Leiaren for motstandarane påpeikar at innstillinga til kommunestyret kan bli avgjerande for utbygginga.

– Det er vel slik at andre stader dei har bygd vindmøller er kommunestyret si innstilling heilt avgjerande, seier Wiggo Svendsen som er leiar for aksjonen Motvind i Birkenes.

Vil bygge 65 vindmøller

Det vert planlagt til saman 65 vindmøller i tre ulike prosjekt. Fleire av dei kan komme i viktige og nesten urørte område.

I Agder-fylka vert det jobba med kring 15 vindmølleprosjekt. Svendsen meiner det er kommunepolitikarane som i verkelegheita avgjer.

– Dersom kommunestyret går imot vert det neppe noko. Difor meiner vi at kommunestyret har eit særdeles stort ansvar for å setje seg inn i denne viktige saka, seier han.

Svendsen fryktar at omsynet til inntekter til sjuande og sist vil avgjere kva kommunepolitikarane landar på.

Fryktar kommunen let seg lokke

– Kommunen skal la seg lokke av nokre få millionar i eigedomsskatt og tru at det er ein kompensasjon god nok for å øydelegge relativt urørt natur, dei største og nokre av dei flottaste områda vi har, seier han.

Ordførar i kommunen, Arild Windsland, ventar at kommunen vil få saka til uttale før sommaren.

– Det er både fordelar og ulemper med slike ting. Ulemper går på inngrep i natur, støy og slike ting, seier han til NRK.

Arild Windsland

Ordførar Arild Windsland forstår motstanden mot planane om vindmøller i kommunen.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Forstår hytteeigarane

– Fordelar vil først og fremst vere i forhold til grunneigarane som får ein kompensasjon for dette. For kommunen si side er det eigedomsskatt å hente på slike anlegg, seier han.

Ordføraren forstår at det vert reist motstand mot planane.

– Som hytteeigar vil eg sjå det naturleg at du ikkje er så lysten på å få slike tekniske anlegg i området. Det forstår eg godt, seier Windsland.