– Det kjem garantert til å bli ein tøff kamp. Når du veit du har fem mål å gå på er det fort gjort å sleppe seg litt ned, seier dagleg leiar i Vipers, Terje Marcussen til NRK.
Vipers slo Tertnes i den første kvartfinalen 27-22 heime i Aquarama. Dette var den tredje sigeren mot bergensklubben denne sesongen.
Det betyr at Tertnes må vinne for å komme seg til semifinale der Larvik ventar.
– Eg er heilt sikker på at dette kjem til å bli ein jamn kamp heilt inn, seier Marcussen.
– Kva vil ein semifinale bety for klubben?
– Det betyr veldig mykje økonomisk. Vi vil nok klare å fylle hallen om vi går vidare. Så er det alltid motiverande å møte det beste laget i Europa, seier Marcussen.
Klubben har invitert supportarar for å følgje kampen på tv på Harvey's sportsbar i Kristiansand sentrum.