Hopp til innhold

Tangerte klubbrekorden – trur på medalje

Vipers Kristiansand tok sin sjette strake siger då dei slo Storhamar onsdag kveld. Det er tangering av klubbrekorden.

Kari Brattset, Vipers Kristiansand

Kari Brattset lurer seg forbi Storhamar-forsvaret.

Foto: Sander Heggheim/NRK

No trur både spelarar og trenar Kenneth Gabrielsen på eliteseriemedalje, som er målet denne sesongen.

– Vi har slått Storhamar, Tertnes og Byåsen både heime og borte. Då luktar det faktisk moglegheit for ein medalje. Vi skal jobbe hardt for det, seier Gabrielsen til NRK.

Kom skeivt ut

Som tidlegare denne sesongen kom Vipers Kristiansand dårleg i gang. Storhamar sette sjansane sine, samstundes som Vipers sløsa.

Laget kan takke keeper Sakura Hauge for at Storhamar ikkje kom meir enn tre mål føre tidleg i første omgang.

Men Vipers la etter kvart slurvet til side og kjempa seg inn igjen. Laget leia 12–11 til pause.

I andre omgang var det eit langt meir aggressivt Vipers-lag som kom på bana. Rosatrøyene tok styringa og vann til slutt 30-26, og sikra to særs viktige poeng i medaljekampen.

– Det ligg veldig i våre hender no. Vi har ein del tøffe kampar igjen og må jobbe vidare. Men medalje er absolutt mogleg no, seier Linn Jørum Sulland.

Vipers Kristiansand tok sin sjette strake seier da de slo Storhamar onsdag kveld. Det er tangering av klubbrekorden. Nå tror klubben på eliteseriemedalje.

Sjå intervju med trenar Kenneth Gabrielsen, Kari Brattset, Linn Jørum Sulland og dagleg leiar Terje Marcussen.

Klatra til andreplass

Sigeren betyr at Vipers klatra opp på andreplass på tabellen. Glassverket spelar mot Tertnes seinare onsdag kveld.

Dersom dei vinn, vil dei dytte sørlendingane ned igjen på 3.-plass.

Også strekspelar Kari Brattset trur at laget når målet om å ta medalje denne sesongen.

– Eg gjer jo det. Må innrømme det. Men eg torer ikkje heilt å tru på det før vi står der med medalje, seier Brattset.

I neste serierunde skal Vipers til Bærum for å møte Stabæk. Før jul tapte Vipers heime mot Stabæk.

– Vi skal vinne den kampen og er revansjesugne. Det viktigaste er det vi gjer kvar einaste dag, og det er å få utvikling i laget, seier Gabrielsen.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %