Hopp til innhold

Kjempa for firefeltsveg

Store køar på E18 mellom Arendal og Porsgrunn i dag, som følgje av at 120 vogntog demonstrerte mot dårleg vegstandard.

Vogntog-aksjon E18 (Arendal)

Aksjonistane hadde pause på Stoa i Arendal.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Alle dei 120 vogntoga stoppa i Arendal før dei returnerte nordover igjen. Vogntoga hadde holdt ein snittfart på rundt 50 km/t. Dette førte til store køar på E18.

Krev firefelts motorveg

Vidar Tellefsen

Aksjonsleiar Vidar Tellefsen.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Aksjonistane krev ny firefelts motorveg på strekninga.

– Aksjonen har vore vellukka så langt. Stemninga er veldig bra, og eg føler vi når fram med bodskapet vårt, seier aksjonsleiar, Vidar Tellefsen til NRK Sørlandet.

Han seier dei stort sett har fått positive reaksjonar frå folk langs E18.

Norske flagg

– Det er klart at nokre blir irritert, og det forstår vi. Men mange har stått langs E18 og vinka til oss. Nokre har til og med hatt norske flagg. Bilistar har tuta og gitt oss tommel opp. Dei fleste forstår kor viktig det er med ein sikker og god veg, seier han.

Etter ein matpause i Arendal returnerer kortesjen nordover mot Porsgrunn igjen.

– Det blir same opplegg nordover igjen, seier han.

Vogntog-demonstrasjon E18 (Arendal)

Demonstrantane hadde pause i Arendal.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %