Hopp til innhold

– Heilt vanvittig som vi sløsar med sjansane

Eit ØIF-lag på gulljakt fekk tøff kamp frå Kristian Kjelling og Drammen om poenga søndag kveld.

Magnus Jøndal, ØIF Arendal
Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er heilt vanvittig som vi sløsar med sjansane. Vi skyt keeperen deira i verdsklasse, seier ØIF-kaptein Eirik Heia Pedersen til NRK.

Nikola Kedzo, ØIF Arendal

Nikola Kedzo dreg til frå distanse for arendalittane.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Kristian Kjelling var ubesigra som Drammen-trenar før han besøkte serieleiar ØIF Arendal på Sørlandet.

Den tidlegare landslagsstjerna hadde leia eit Drammen-lag i poengnaud til ein siger og ein uavgjort før møtet med serieleiar ØIF Arendal.

– Vi visste sjølvsagt at dette kom til å bli tøft. At vi karrar oss tre mål bak er ikkje så gale, seier Kjelling.

Svak kamp

ØIF vann til slutt 19-16, men sigeren kunne like gjerne ha blitt med tilbake til Drammen.

1700 tilskodarar var vitne til den svakaste kampen i Sør Amfi på lang tid, i alle fall i angrep.

ØIF-trenar Marinko Kurtovic ser likevel ikkje heilt mørkt på det.

– Ser du på forsvarsspelet ser det særs pent ut. Vi leverer utruleg bra i forsvar og keeper. Det har vi terpa på heile veka, seier Kurtovic.

Kristian Kjelling, Drammen HK

Drammen-trenar Kristian Kjelling gjer sine spelarar instruksar i Sør Amfi.

Foto: Sander Heggheim/NRK

For enkelt

I første omgang såg det nærast ut til at laga var vaksinert mot scoringar. Drammen gjekk 17 minutt utan scoring. I 11 minutt fekk ingen av laga nettkjenning.

Marinko Kurtovic og Kristian Kjelling

ØIF-trenar Marinko Kurtovic.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Drammen sin keeper spelar sitt livs kamp. Det gjer våre spelarar litt utrygge. Vi skyt for enkle skot, men det gjer Drammen også, seier Kurtovic.

– Det er dei to beste forsvara og målvaktene i ligaen. Det pregar kampen. I tillegg har begge laga rotete forsvarsspel. Vi har problem med å få disipling og strukturen til å sitte i angrepet vårt i periodar, seier Kjelling.

ØIF Arendal brente i tillegg fem straffekast i første omgang. Det stod 7-5 til sørlendingane til pause.

– Vi bommar på seks straffer til slutt. Kanskje vi bør bruke neste trening til å skyte straffer. Slik skal ikkje skje, seier kaptein Eirik Heia Pedersen.

Løfta seg mot slutten

Litt betre underhaldning fekk publikum i andre omgang. Midtvegs skruddde ØIF opp tempo og opparbeidde seg ei luke på 4-5 mål som dei heldt ut omgangen.

Dermed tok arendalittane to viktige poeng i kampen om seriegullet.

Sidan Haslum slo Viking i Stavanger har ØIF Arendal framleis fem poeng luke ned til bærumsklubben på andreplass.

ØIF Arendal - Drammen

Igjen stod Svenn Erik Medhus ein god kamp for ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %