Hopp til innhold

Kim Harald Liane døydde etter vald: – Eit kjempetap

Det viktigaste i livet til avdøde Kim Harald Liane var sonen. No ønskjer mora til avdøde å få svar på kva som faktisk har skjedd.

Kim Harald Liane døde natt til 1. påskedag.

På denne adressa på Mosby i Kristiansand vart Kim Harald Liane funne død natt til 1. påskedag.

Foto: Privat

– Dette er eit kjempetap for familien og sonen. Eg tek omsyn til det politiet seier, og eg veit ikkje noko meir enn det, fortel Gro Liane Thorbjørnsen.

Søndag morgon fekk ho den verste beskjeden ei mor kan få.

Mannen i 40-åra som døydde etter ei valdshending på Mosby i Kristiansand natt til søndag, var son hennar.

Kim Harald Liane vart funnen livlaus i sin eigen heim, og ein annan mann i 40-åra er sikta og varetektsfengsla for grov kroppsskade med døden til følgje.

Den sikta mannen nektar straffskuld. Ifølgje hans forsvarer Vibeke Knutsen beskriv den sikta hendinga som ei ulykke.

Igjen sit Kim Haralds næraste med eit ønske om svar.

Les også Døde etter vold – siktede erkjenner ikke straffskyld

Døde etter vold på Mosby i Kristiansand

Vil skåne familien

Gro Liane Thorbjørnsen fekk beskjeden om kva som hadde skjedd med sonen tidleg søndag morgon.

Ifølgje ho var det ingenting som var viktigare for Kim Harald enn hans eigen son.

– Eg veit kven Kim var, og det er viktig for meg å skåne barnebarnet mitt, fortel ho til NRK.

Thorbjørnsen ønskjer berre å vite kva som har skjedd. At ho står fram og vil fortelje om det som har skjedd med Kim Harald, er eit ønske om å få ein balanse i saka.

– Eg ønskjer at det skal vere verdigheit rundt dette, og at vi viser omsyn til son hans.

Dødelig vold på Mosby

Mannen i 40-åra som er sikta for grov vald med døden til følgje nektar straffskuld.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

Høyrer rykte

NRK har vore i kontakt med venner og familie av den sikta. Dei fortel til NRK at den sikta sjølv påstår at det var ei ulykke.

– Eg har som sagt inga oppfatning om kva som skjedde, men eg tenkjer at om du står i ein slik situasjon, så vil du sjølvsagt hevde at det er ei ulykke, seier Thorbjørnsen.

Ho fortel at det har vore mykje rykte surrande rundt, men at ho tek omsyn til det politiet seier.

– Det eg har forstått er når politiet går til desse stega, så er det ei sak her.

Dødelig vold på Mosby

I bygningen der Kim Harald Liane vart funnen natt til 1. påskedag er det to leilegheiter. Avdøde budde i ei av leilegheitene.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

Framleis uklar hendingsgang

Politiet seier til NRK tysdag at det framleis er uklarleikar rundt kva som har skjedd på staden.

Onsdag formiddag kom den førebelse obduksjonsrapporten av avdøde.

– Obduksjonsrapporten kan ha noko å seie for siktinga, fortel politiinspektør i Agder politidistrikt Cecilie Pedersen.

Dei vil ikkje gå inn på innhaldet i rapporten, seie Pedersen.

Dei etterforskar framleis motiv, og ønskjer heller ikkje å gå i detalj på kva som har vore forløpet til hendinga.

Forsvararen for den sikta Vibeke Knutsen seier til NRK måndag at klienten hennar er samarbeidsvillig, og svarer på spørsmål frå politiet.

– Han erkjenner å ha vore på staden. Det eg kan seie er at han beskriv ei ulykkeshending.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %