Keeperhelten kunne ha gitt seg i fjor

ØIF Arendal-keeper Svenn Erik Medhus gjekk i tenkeboksen før årets sesong. I verste fall kunne han ha lagt handballen på hylla før gullsesongen.

Svenn Erik Medhus

Keeper Svenn Erik Medhus (t.h) vil halde fram karriera i ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Det var etter ein elendig fjorårssesong at Medhus vurderte framtida.

ØIF kjempa for å overleve i eliteserien og Medhus var nesten ikkje til å kjenne att i mål.

Svenn Erik Medhus, ØIF Arendal

Svenn Erik Medhus har vore ein særs viktig spelar for ØIF denne sesongen.

Foto: Leif Dalen/NRK

– Eg hadde ein dialog med klubben og med familien. Vi fann til slutt ut at ein ikkje kan gje seg med eit slikt resultat, seier Medhus til NRK.

To gullmedaljar

Han understrekar at han hadde kontrakt med klubben også denne sesongen

– Det er aldri noko kjekt å spele når ein gjer det så dårleg som i fjor, seier han.

Men fiasko vart snudd til suksess på redkordtid i handballklubben. Eitt år seinare står Medhus med to gullmedaljar rundt halsen.

Arendalittane har vunne både cupen og serien.

Medhus har vore ØIF sin beste og viktigaste spelar denne sesongen. Både i cupfinalen mot Bodø i desember og i siste serierunde mot Runar, der ØIF sikra seriegullet, stod Medhus fram då laget trengde han som mest.

ØIF Arendal slo Runar i siste seriekamp.

VIDEO: Sjå jubelscenene etter at ØIF sikra seriegullet.

Vil halde fram

– Han er ein fantastisk keeper. Han har vore ekstremt god og er Norges desidert beste keeper per dags dato. Spørsmålet er når landslagsleiinga tek han ut. Eg ventar på det og vert glad når det skjer, seier trenar Marinko Kurtovic.

– Svenn Erik har vore stabil heile sesongen og er god i riktige kampar. Når vi slit tek han fram det lille ekstra, seier Kurtovic.

Kontrakta til Medhus med ØIF Arendal går ut dette denne sesongen. Han har tidlegare sagt til NRK at han utelukkar spel for andre norske toppklubbar.

– No har eg i alle fall ikkje lyst til å gje meg. Eg håpar vi vert einige. Det ser slik ut, seier han.

ØIF Arendal seriegull

ØIF Arendal vann seriergull onsdag.

Foto: Sander Heggheim/NRK