Hopp til innhold

Katrine Lunde (43) kan ta den sjuande meisterligatittelen sin

Målvaktdronninga blir berre meir motivert dersom 20.000 tilskodarar buar mot henne og resten av Vipers-spelarane i Budapest.

Lunde

Katrine Lunde blir boren på gullstol av medspelarane i Vipers då laget vann Champions League-finalen mot Györ i juni i fjor.

Foto: ATTILA KISBENEDEK / AFP/Scanpix

– Eg gler meg veldig. Det blir tøft, men eg gler meg til ferien etterpå, seier Katrine Lunde.

Onsdag denne veka set Vipers-målvakta og resten av spelarane seg på flyet klare for Final Four i Budapest i helga.

Det er tredje gong rosatrøyene frå Kristiansand er klare for sluttspelet i Champions League. I 2021 og 2022 tok dei med seg pokalen heim.

Lunde trur den første kampen mot ungarske Györ blir krevjande.

– Eg veit at det blir mykje press og kampar to dagar på rad. Det blir spennande å sjå om vi vinn mot Györ, seier målvaktdronninga.

Vipers har vunne alt i heimleg spel med serie, cup og sluttspel denne sesongen.

IZ7HEQXAu4c

Vipers jubla då dei tidlegare denne månaden sikra seg plass i Final Four.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Røper ikkje svakheiter

Tysdag trena spelarane på hurtigheit. Onsdag morgon reiser dei til Ungarn.

Korleis førebur du deg?

– Først og fremst er det viktig å ha restituert rett dei siste vekene. Eg tenkjer også mykje på dei ulike scenarioa som kan komme, og skriv ned kva eg tenkjer spelarane kan gjere i dei ulike situasjonane.

– Trur du det har derfor du har vorte så god?

– Ja, eg tenkjer det kan ha vore medverkande. Eg har jo vore med lenge i «gamet» òg. Det har litt å seie at eg kjenner dei.

Kva er svakheitene dine?

– Ha, ha! Eg er litt sånn at det snakkar eg ikkje høgt om. Eg vil ikkje at alle andre skal vite kva eg tenkjer er svakheitene mine.

Les også: Vipers klar for ny semifinale i meisterligaen - no ventar nærast «umogleg» oppgåve

3YAXITk11oo
3YAXITk11oo

Blir motivert av buing

Kampane blir spelte i MVM Dome i Budapest. Arenaen har plass til over 20.000 tilskodarar.

Lunde mistar ikkje motet ved tanke på at dei får mange heimesupporterar mot seg i semifinalen mot Györ.

Ho blir heller motivert av det.

– Eg veit at det kan bli mykje buing, men det er ikkje så farleg. Berre det at stemninga er der gir meg meir motivasjon, seier 43-åringen, som i helga kan ta den sjuande Champions League-sigeren sin.

Vipers-keeper Katrine Lunde på siste trening før avreise Budapest onsdag.

Vipers-målvakt Katrine Lunde på siste trening før avreise Budapest onsdag.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

Lunde stakk av med trofeet med Viborg i 2009 og 2010, med Györ i 2013 og 2014 og altså med Vipers dei to siste åra.

Akkurat dette med å ta den sjuande meisterligatittelen sin tenkjer ikkje den meritterte målvakta på.

– Rekordar er gøy, men det er ikkje det som driv meg i det heile, seier ho.

Semifinalane og finalen blir spelt 3. og 4. juni. I den andre semifinalen laurdag 3. juni møtest ungarske FTC Hungaria og danske Esbjerg.

MVM Dome i Budapest.

Semifinalane og finalen blir spelt i MVM Dome i Budapest den første helga i juni. Arenaen har plass til over 20.000 tilskodarar.

Foto: Kjetil Samuelsen / NRK

Gjekstads siste kamp

Trenar Ole Gustav Gjekstad fortel at dei ikkje gjer så mykje annleis før møtet med Györ laurdag.

– Vi tek det som ein vanleg handballkamp, og så skjønner også eg at det ikkje blir heilt sånn, men vi tenkjer det skal vere «business as usual», seier han.

Gjekstad gir seg som Vipers-trenar etter Champions League-finalen.

Han skal då ta over som trenar for danske Odense.

Ole Gustav Gjekstad

Ole Gustav Gjekstad er avslappa framfor helgas sluttspelkampar i Champions League.

Foto: Christoffer Andersen / NTB

Siste nytt fra NRK Sørlandet

NRK Sørlandet
Spiller nå
Gaute Heivoll aktuell med ny diktsamling 00:42
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 00 0,59 kr
Dyrest kl. 08 0,67 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,2 kr 25 min.
  • Dusje 2,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Aug 2022 – aug 2023
    + 9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2023
    + 5,5 %