Hopp til innhold

Kartla motstandaren på Youtube

ØIF Arendal veit nesten ingenting om helgas motstandar i europacupen. Klubben har slite med å finne video av SKA Minsk, men har brukt Youtube-klipp for å få eit innblikk i korleis laget spelar.

Rene Bach Madsen, ØIF Arendal

René Bach Madsen og ØIF Arendal møter SKA Minsk i 2. kvalifiseringsrunde til EHF-cupen laurdag og søndag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi veit veldig lite. Vi har klart å spore opp nokre klipp på Youtube. Trenar Leif Gautestad sit akkurat no og ser på desse, seier leiar for sport i ØIF Arendal, Per Carsten Michelsen til NRK.

– Elles har vi ingen informasjon anna enn at vi veit at dei vann ein europacup i fjor. Vi veit at vi møter eit godt lag. Det er det einaste vi veit, seier han.

Vil til gruppespel

Kviterussiske SKA Minsk gjekk til topps i Challenge Cup i fjor. Laget er eit av to sterke lag frå Minsk. Men ØIF Arendal har ambisjonar om å tukte kviterussarane.

– Vi har som mål å nå gruppespelet i EHF-cupen, seier Michelsen.

For å nå målet må ØIF Arendal slå SKA Minsk i 2. kvalifiseringsrunde. Deretter må dei gjennom ei ny kvalifiseringsrunde.

ØIF Arendal har slite dei siste kampane. Laget står med tre strake tap i serien. I tillegg rauk dei ut av cupen mot Stord. No håpar Michelsen at laget finn tilbake til vinnarforma.

– Hadde eg eller du visst kva som ikkje fungerer hadde vi nok vore trenar i klubben, seier han.

Dobbeltkamp i Sør Amfi

– Men ting ser veldig bra ut på trening. No håpar vi berre at vi får det ut i kamp, seier han.

I onsdagens tap for Fyllingen Bergen var det berre 1200 tilskodarar i Sør Amfi. I helga spelar ØIF Arendal to kampar mot SKA Minsk fordi kviterussarane ikkje klarte å «hoste fram» ein hall.

– Erfaringsmessig plar vi ligge på kring 1000 tilskodarar i europacupen. Vi håpar folk finn vegen til hallen, seier han.

Videoen under er kanskje eitt av klippa trenar Leif Gautestad har sett på.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %