– Vi vart ganske overraska då vi fekk brev frå advokatane til Terje Formoe som kravde at vi skulle byte namn, seier Ida Melhus i marknadsavdelinga ved Sirkus Shopping i ei pressemelding.
Leikelandet held til på kjøpesenteret Sirkus Shopping.
Dei har hatt namnet Hiv O' Hoi sidan 2012. Den gong hadde Kaptein Sabeltann registrert merkevarenamnet på ei teaterførestilling.
– Kjedeleg situasjon
Seinare har selskapet til Terje Formoe registrert namnet Hiv O' Hoi hos patentstyret til også å gjelde fornøyelsesparkar.
– Det er ein kjedeleg situasjon, men vi ynskjer ikkje å ta opp kampen mot ein så mektig aktør som Kaptein Sabeltann AS. Då er det rett og slett enklare å byte namn, seier Melhus.
– Vi har også hatt juristar som har sett på dette, og truleg har vi ei god sak, sidan vi tok namnet før dei fekk rettane til fornøyelsesparkar. Kaptein Sabeltann AS ynskjer tydelegvis god kontroll på alt som kan relaterast til merkevara si, og vi ynskjer ikkje å ta opp kampen med ein så mektig aktør, seier ho.
Ingen kommentar
Skaparen av Kaptein Sabeltann og dagleg leiar i Kaptein Sabeltann AS, Terje Formoe, vil ikkje kommentere saka.
– Eg har ingen kommentar utover at denne saka er avgjort for lenge sidan, seier Formoe til NRK.