Hopp til innhold

Kaptein Sabeltann truga leikeland med søksmål

Leikelandet Hiv O' Hoi i Trondheim må byte namn etter trugsel om søksmål frå Kaptein Sabeltann AS.

Terje Formoe og Kaptein Sabeltann

Kaptein Sabeltann AS kravde at leikelandet Hiv O' Hoi i Trondheim måtte skifte namn. Til høgre på bilete ser du skaparen av Kaptein Sabeltann, Terje Formoe.

Foto: pressefoto

– Vi vart ganske overraska då vi fekk brev frå advokatane til Terje Formoe som kravde at vi skulle byte namn, seier Ida Melhus i marknadsavdelinga ved Sirkus Shopping i ei pressemelding.

Leikelandet held til på kjøpesenteret Sirkus Shopping.

Dei har hatt namnet Hiv O' Hoi sidan 2012. Den gong hadde Kaptein Sabeltann registrert merkevarenamnet på ei teaterførestilling.

– Kjedeleg situasjon

Seinare har selskapet til Terje Formoe registrert namnet Hiv O' Hoi hos patentstyret til også å gjelde fornøyelsesparkar.

– Det er ein kjedeleg situasjon, men vi ynskjer ikkje å ta opp kampen mot ein så mektig aktør som Kaptein Sabeltann AS. Då er det rett og slett enklare å byte namn, seier Melhus.

– Vi har også hatt juristar som har sett på dette, og truleg har vi ei god sak, sidan vi tok namnet før dei fekk rettane til fornøyelsesparkar. Kaptein Sabeltann AS ynskjer tydelegvis god kontroll på alt som kan relaterast til merkevara si, og vi ynskjer ikkje å ta opp kampen med ein så mektig aktør, seier ho.

Ingen kommentar

Skaparen av Kaptein Sabeltann og dagleg leiar i Kaptein Sabeltann AS, Terje Formoe, vil ikkje kommentere saka.

– Eg har ingen kommentar utover at denne saka er avgjort for lenge sidan, seier Formoe til NRK.

Sirkus Shopping løser problemet med eget lekeland der voksne er tilstede.

Leikelandet Hiv O' Hoi på Sirkus Shopping i Trondheim må skifte namn.

Foto: Sirkus Shopping

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %