Hopp til innhold

Kan spare millionar på nytt veglys

Ny teknologi gjer det langt billegare enn tidlegare å ha lys på vegane. No håpar politikarar på at Nye Veier snur i lysstriden.

Veilys

Nye teknologi gjer veglys langt billegare enn tidlegare. Lysa på bilete er den tradisjonelle typen som finst på norske vegar.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Dette er gledelege tal. Det kostar mykje per liv som går tapt. Det er barnemat å investere i dette, seier stortingsrepresentant Ingebjørg Godskesen (Frp).

Jan Dukene alvorlig

Jan Dukene er ordførar i Tvedestrand.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Valet er enkelt. Dette burde ein ha gjort heile tida og ikkje berre vere opptekne av å få minimalisert alt. Ein må tenke sikkerheit, bruke ny teknologi og sjå kva moglegheiter som ligg der, seier ordførar i Tvedestrand Jan Dukene.

Debatten har rasa etter at vegselskapet Nye Veier sa dei ville droppe lys på nye E18 mellom Tvedestrand og Arendal.

Fleire meiner ein veg utan lys går utover trafikktryggleiken.

Kan spare 80 prosent i driftsutgifter

Ny LED-teknologi kan gjere veglys langt billegare enn tidlegare.

Astrid Joos

Astrid Joos er administrerande direktør i Philips Lighting.

Foto: Hans Soendergaard/Philips Lighting

LED-lysa har ei levetid på 100 000 timar, medan den gamle typen har ei levetid på 25 000 timar.

I tillegg kan ein spare opptil 80 prosent i driftsutgifter per år på LED-lys. Det er rett nok noko dyrare å installere LED-lys.

Tala stammar frå Philips Lighting som er eit av dei fremste firmaa på gate- og vegbelysning.

Ifølgje dei vil investeringskostnaden ligge på kring 40 millionar kroner på den nye E18-strekninga.

– Investeringskostnaden vil ein hente inn att med reduserte kostnader i drift og vedlikehald, seier administrerande direktør Astrid Joos i Philips Lighting, som understrekar at ho ikkje har rekna på nye E18 spesifikt.

Tala er basert på liknande prosjekt.

Sørnestunnelen E136 i Ålesund

Philips Lighting har blant anna installert LED-lys i Sørnestunnelen på E136 i Ålesund.

Foto: Philips Lighting

Sjekk desse tala

  • Tradisjonell belysning kostar kring 100 000 kroner per kilometer i driftsutgifter per år, ifølgje Nye Veier. Altså 2,3 millionar kroner i året på den nye vegen som er 23 kilometer lang.
  • Ifølgje Philips Lighting vil LED-lys kunne redusere driftsutgiftene med opptil 80 prosent per år. Det svarar til 460 000 kroner i årlege driftsutgifter på strekninga.
  • Ifølgje Nye Veier kostar veglys opp mot 1,5 millionar kroner per kilometer å bygge. Altså 34,5 millionar kroner på den aktuelle strekninga.
  • Philips Lighting reknar 1,7 millionar kroner per kilometer. På nye E18 svarar til det 39,1 million kroner.
  • Nye Veier vil bygge lys i kryss og tunnelar på strekninga. Det betyr at 7–8 kilometer vil ha lys. 15–16 kilometer vil ikkje ha lys, dersom Nye Veier får det som dei vil.
  • Nye Veier anslår at dei vil spare mellom 17 og 20 millionar kroner i investeringskostnader på å droppe lys på strekninga dei har søkt om.

Framleis lys-nei

Kraftig reduserte driftskostnader forandrar ikkje Nye Veier sitt standpunkt.

– For oss er det viktig å tenke heilskapleg. Det er viktig å tenke at sparte kostnader ein stad betyr at vi får moglegheit til å starte bygging på neste prosjekt tidlegare, seier direktør for teknologi og utbyggingsstrategi i Nye Veier, Anette Aanesland.

Aanesland, Nye Veier

Anette Aanesland er direktør for teknologi og utbyggingsstrategi i Nye Veier.

– Det som er sikkert, er at å bygge fire felts veg med midtrekkverk, er noko av det beste trafikktryggleikstiltaket du kan sette i verk, seier Aanesland.

Stortingsrepresentant Ingebjørg Godskesen (Frp) trudde lys-kutt på E18 var ein spøk, då ho høyrde om det.

Hamnar på statsråden sitt bord

Godskesen har allereie varsla at ho vil ta saka til partikollega og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

– Det kjem eg til å gjere så raskt som råd.

– Trur du det blir lys på nye E18?

– Eg håpar det. Dersom det ikkje blir lys på E18, kjem det heller ikkje til å bli lys på ny E39 mot Stavanger, seier Godskesen.

Nye Veier har sendt søknad til Vegdirektoratet om å få lov til å berre bruke lys i tunnelar og i kryss.

– Vi har endå ikkje fått svar på søknaden, men reknar med å få løyve, sa Aanesland til NRK i desember.

Ingebjørg Godskesen

Ingebjørg Godskesen er stortingsrepresentant for Frp.

Foto: Svein Sundsdal / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %