Hopp til innhold

Kan produsere økologiske jordbær på Sørlandet

Eit omfattande forsøksprosjekt viser at det skal vere mogleg å produsere økologiske jordbær på Sørlandet. Produksjonen er både lønsam og sikker.

Modne jordbær - økologiske

ØKOLOGISK: Eit omfattande forskingsprosjekt viser at det er mogleg å produsere økologiske jordbør på Sørlandet og samstundes tene pengar.

Foto: Odd Rømteland / NRK

– Målet var å få til ei sikker, lønsam kvalitetsproduksjon av økologiske jordbær. I sluttrapporten konkluderer vi med at vi har klart det, seier prosjektleiar Jan Karstein Henriksen.

– Vi kan få til ein økologisk produksjon med god kvalitet. Vi er leveringsdyktige kvart år, og vi har moglegheit til å få produsert slik at det er lønsamt for produsentane, seier han.

To sortar

Henriksen jobbar ved Norsk Landbruksrådgivning Agder, og har stått i spissen for det seks år lange prosjektet, som vart avslutta i fjor haust.

Med seg har han hatt tre forskjellige dyrkarar frå Vest-Agder, som har testa ut alt frå ulike sortar til ulik gjødsling, dekkemateriale og dyrkingssystem.

– Vi har prøvd ei rekkje kombinasjonar. I 2011 og 2012 hadde vi 50 ulike dyrkingskombinasjonar og det viste seg at to av dei gav spesielt gode og sikre resultat. Det er sortane Polka og Sonata, seier han.

– Dyrkar vi dei på plast og i plasttunell har vi hovudtrekka av kva vi bør satse på, seier Henriksen.

Ringleder for Forsøksringen i Agder, Jan Karstein Henriksen, er svært fornøyd med resultatet.

FORSKING: Jan Karstein Henriksen har forska på produksjon av økologiske jordbær.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

Dyrare enn vanlege bær

Dei økologiske jordbæra må altså dyrkast i såkalla tunnelar for at resultatet skal bli bra. Dette gjer produksjonen meir sikker i forhold til sjukdomsåtak. Samstundes vil dette bli dyrare for produsenten, som igjen betyr dyrare bær i butikken.

– Tunnelane kostar ein del. For at vi skal klare dette må meirprisen for økologiske bær vere på 25 prosent, samanlikna med konvensjonelle bær, seier han.

Alt Torbjørn Norum er ein av jordbærprodusentane som har delteke i prosjektet.

– Det har jo i første omgang vore veldig interessant og vi har jo lært mykje på denne tida. Vi har også ein del ting som kan overførast til den konvensjonelle drifta, seier Norum.

Stor interesse

Prosjektet er det mest omfattande som er gjort i nordisk samanheng, og har allereie vekt internasjonal merksemd. Henriksen håpar det kan føre til at fleire vil satse på økologisk jordbærdyrking i åra framover.

– Det har vore ei ganske stor interesse nasjonalt og også i nordisk samanheng for resultata vi har nådd, seier han.

– Det vil nok gå litt tid, men eg føler at eg trygt kan rå folk til å satse på dette. Vi veit at det går å få til og samstundes tene pengar, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %