NRK Meny
Normal

Kan klatre til tredjeplass

Fotballklubben Jerv har imponert stort denne sesongen. Måndag kveld kan klubben klatre til tredjeplass etter halvspelt serie.

Steinar Pedersen

Jerv-trenar Steinar Pedersen på sidelinja under ein kamp tidlegare i år.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Før kampen mot Fredrikstad i Østfold ligg Grimstad-klubben på 6. plass i 1. divisjon.

Klubben som rykte opp frå 2. divisjon i fjor ligg berre fire poeng frå direkte opprykksplass før kveldens oppgjer.

Med siger i Fredrikstad vil Jerv klatre opp på tredjeplass på tabellen.

Jerv har teke poeng mot alle dei antatt sterkaste laga i serien. Det har blitt uavgjort mot både Sandnes Ulf, Brann og to gonger mot serieleiar Sogndal.

Kveldens motstandar Fredrikstad hadde opprykk til eliteserien som målsetting denne sesongen. Men laget har slite enormt og ligg nest sist på tabellen med 12 fattige poeng.

Laster innhold, vennligst vent..