Hopp til innhold

Kan gløyme slaraffenliv i sommar

Etter ein knallsesong med to gull aukar ØIF Arendal treningsmengdene betrakteleg. I sommar må spelarane ha opptil ti treningsøkter i veka.

ØIF Arendal

Spelarane i ØIF Arendal må trene knallhardt også i ferien.

Foto: Leif Dalen/NRK

– Vi har auka treningsmengdene radikalt samanlikna med oppkøyringa i fjor. Vi har starta tidlegare og har mykje meir mengde i år enn i fjor, seier trenar Marinko Kurtovic til NRK.

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

Trenar Marinko Kurtovic er kjend for å køyre spelarane hardt på trening.

Foto: Sander Heggheim/NRK

ØIF Arendal vann både serie og cup førre sesong. I sluttspelet vart det berre kvartfinale. Det gjorde at trenaren straffa spelarane med rekordtidleg oppkøyring til ny sesong.

Vanlegvis startar dei oppkøyringa i juni. I år var dei i gang igjen 12. mai.

Knallharde økter

– Eg måtte reagere. Tapet i kvartfinalen sit framleis i for min del, seier Kurtovic.

Dei to første vekene vert av spelarane omtala som «steintøffe».

– Det var vondt å gå på do, å reise seg og generelt å røre på seg. Det var slik at ein del spelarar kryssa av dag for dag og gleda seg til vi var ferdige med det verste, seier kaptein Eirik Heia Pedersen.

Dei måtte gjennom knallharde intervall, lange joggeturar og tøffe styrkeøkter. Dei to siste månadene har laget hatt 10–12 treningsøkter i veka. Målet til trenaren er at totalvekta på spelarane skal opp 150 kilo før sesongstart. Då snakkar vi sjølvsagt 150 kilo musklar.

– Det handlar om at ein del spelarar ikkje er sterke nok og må legge på seg nokre kilo musklar. Dei som er sterke nok må bli endå sterkare, seier Kurtovic.

Eirik Heia Pedersen og Sondre Paulsen, cupgull

Eirik Heia Pedersen (t.v.) og Sondre Paulsen feirar cupgullet i Oslo Spektrum i desember i fjor.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Ni økter i veka

Ei av årsakene til auka treningsmengde er mellom anna at laget skal spele europacup.

– Vi skal spele endå fleire kampar viss vi klarer å kvalifisere oss til europacup. Arbeidet vi legg ned no skal vi prøve å forvalte godt heilt fram til mai neste år, seier Sondre Paulsen.

Kvar enkelt spelar fekk med seg eit personleg treningsprogram før dei tok «ferie» i slutten av juni. Det inneber opptil ti treningsøkter i veka i sommarferien.

– Det blir nok å henge fingrane i, men slik er det å drive toppidrett. Det vert stilt krav og spelarane veit at det må til for å få resultat og det vil vi ha alle saman, seier Paulsen.

ØIF Arendal seriegull

ØIF Arendal vann både serie og cup førre sesong.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %