NRK Meny
Normal

Kan ende opp i engelsk fotball

Start-spelar Sondre Tronstad har fått tilbod frå den engelske klubben Huddersfield Town FC.

Sondre Tronstad

Huddersfield Town FC kan bli neste stoppestad for stortalentet Sondre Tronstad.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

I slutten av november reiser Tronstad til den engelse 1. divisjonsklubben.

– Eg skal trene litt og sjå på tilstanden til klubben eg skal til. Det er Huddersfield, seier Tronstad til Fædrelandsvennen.

– Dei ynskjer å skrive kontrakt med deg?

– Slik det ser ut no ynskjer dei det, seier Tronstad.

Midtbanetalentet har slite med å få speletid i eliteserien denne sesongen. Ifølgje Tronstad sjølv har Huddersfield følgt han i eitt år.

Den engelske klubben ligg no på 15. plass i 1. divisjon. Klubben spelar på Galpharm stadion som har plass til 24 500 tilskodarar.