Hopp til innhold

Supportar kan bli utestengd frå Sør Arena

Ein Start-supporter som storma bana etter cupkampen mot Lillestrøm torsdag kan bli utestengd frå Sør Arena. Supporteren sprang rett mot målvakta til Lillestrøm etter cup-exiten.

Stat-supportar storma bana

Supportaren kan bli utestengd etter å ha storma bana etter cupkampen mellom Start og Lillestrøm.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Dette vil få konsekvensar. Det vil bli ein reaksjon men vi har førebels ikkje avgjort kva det vil bli, seier administrerande direktør i Start, Magne Kristiansen til NRK.

– Er utestenging eit alternativ?

– Det kan vere eit av alternativa ja, seier Kristiansen.

Provosert av Origi

Lillestrøm-målvakt Arnold Origi fekk kraftig pipekonsert mot seg då han drog ut tida mot slutten av oppgjeret. Start låg under 0–1 og jakta utlikning. Origi brukte lang tid på utspel frå femmeteren fleire gonger.

Etter kampslutt jubla målvakta føre supporterklubben Tigerberget. Det fekk begeret til å renne over for ein av supporterane, som sprang ut på bana og mot Origi.

– Vi veit kven supporteren er. No vil vi setje oss ned for å finne ut kva følgjer dette vil få. Dette er noko vi ikkje ynskjer, seier Kristiansen.

– Skal ikkje skje

Kristiansen kan ikkje hugse liknande episodar på Sør Arena tidlegare.

– Eg kjem ikkje på episodar der personar har storma bana ukontrollert, seier han.

– Eg har bede om ein rapport frå sikkerheitsansvarleg, som vil ta opp dette med vaktene i det aktuelle området. Slik skal ikkje skje, men det er vanskeleg å seie om dette var ein sikkerheitssvikt eller ein episode som er vanskeleg å hindre, seier han.

Start tapte kampen 0–1 og rauk dermed ut av cupen. Lillestrøm er klar for semifinale.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %