Hopp til innhold

Kan bli tvinga til å brannsikre

Bebuarar i Posebyen i Kristiansand kan bli tvinga til å betale 7000 kroner for brannsikring. Så langt har berre 1 av 3 huseigarar sagt ja til å brannsikre husa sine.

Video Frykter storbrann i Posebyen

Brannvesenet fryktar storbrann dersom det byrjar å brenne i den verneverdige trehusbebyggelsen frå 1800-talet.

Jan Røilid, brannvesenet i Kristiansand

Jan Røilid

Foto: Håkon Eliassen/NRK

– Neste brann kan bli stor dersom andelen ikkje er større. Vi må opp i ein andel som gjer at vi er nøgde og kan seie at no har vi ei god brannsikring for posebyen, seier Jan Røilid i brannvesenet i Kristiansand til NRK.no.

Kostar 14 000 kroner

Få bebuarar har altså meldt interesse så langt. Det trådlause varslingssystemet, som går rett til brannvesenet, ved ein brann kostar totalt 14 000 kroner per husstand, men kommunen vil betale halvparten.

Det betyr at huseigarar må ut med 7000 kroner for å brannsikre bustaden sin. Røilid håpar at fleire huseigarar kjem på bana snart.

– Vi er nok litt trege av oss. Vi trur at dette ikkje skjer oss, og vi tenkjer ikkje over konsekvensane av ein brann. I kombinasjon med ugunstige vêrforhold. Den kan bli veldig stor i ein slik bydel, seier han.

Lett offer for flammane

Dersom ikkje kan tvang vere eit alternativ.

– Alternativet likar eg ikkje å bruke, men det kan vere å ta i bruk myndigheitsrolla og krevje dette, rett og slett, seier Røilid.

Gammal og tett trehusbebyggelse er eit lett offer for flammane. I januar i år stod fleire hus i brann i Stavanger. Heldigvis kom folk uskadde frå brannen, men husa vart påført omfattande skader.

– Vi er i ein verneverdig bydel i Kristiansand. Ein brann her kan bety utradering av dei rekkje kvartal og rekkjehus. Dette er forferdeleg viktig, seier styremedlem i Posebyen vel, Bjørn Martens.

Frå dør til dør

Bjørn Martens

Bjørn Martens

Foto: Håkon Eliassen/NRK

– No er vi på ein tredjepart av dei som bur i verneverdige hus. Skulle det ikkje bli fleire no vurderer vi å banke på dør til dør, seier han.

For brannvesenet er klare på er klar på kva dei meiner.

– Faren for at ein brann smittar ut frå startbygget til neste bygg i rekkja er stor, når det startar på eit ugunstig tidspunkt i kombinasjon med dårlege vêrforhold. Dette er det viktigaste enkelttiltaket i forhold til å få tidleg varsling i kombinasjon med reaksjon frå byggeigar sjølv, eller eventuelt brannvesenet, seier Røilid.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %