Hopp til innhold

Kan bli ein av Noregs største kommunesamanslåingar

Ei samanslåing av Kristiansand, Lillesand, Birkenes, Songdalen og Søgne vil bli den største kommunesamanslåinga i landet, trur kristiansandsordførar Harald Furre (H).

Arne Thomassen og Harald Furre

Ordførar i Lillesand, Arne Thomassen, og ordførar i Kristiansand, Harald Furre, er glade for at ein av Noregs største kommunesamanslåingar kan bli ein realitet.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Dette er ein historisk dag fordi vi har blitt einige om ein tekst som veldig mange anbefaler, nemleg ramma for ei ny storkommune i og rundt Kristiansand.

Det seier ordførar i Kristiansand, Harald Furre, om den såkalla K5-avtalen.

Dei fem formannskapa i Kristiansand, Lillesand, Birkenes, Songdalen og Søgne er einige om ein intensjonsavtale for ei storkommune.

Furre seier dette er den største kommunesamanslåinga i landet per dags dato.

– Det kan bli ei kraftfull kommune til glede for innbyggjarar og næringsliv, seier han til NRK.

K5

– Må tenkje langsiktig

Furre har store ambisjonar for den nye kommunen.

– Det vil vere ei kommune som evnar å levere veldig gode tjenestar til innbyggjarane der dei bur. Det vil vere ei kommune som legg til rette for eit næringsliv som opererer i heile regionen vår, og det vil vere ei kommune som gjer seg gjeldande både regionalt og nasjonalt.

Både Lillesand, Songdalen og Birkenes skal halde folkeavstemming om kommunesamanslåing. Søgne skal avgjere i februar om dei skal ha folkeavstemming. Furre håpar innbyggjarane vil tenkje langsiktig.

– Eg håpar og trur at folk ser det same som det store fleirtalet ser ut til å sjå i kommunestyra, nemleg at dette vil vere det beste for kommunens innbyggjarar og næringsliv. Det er viktig for kvar enkelt innbyggjar å tenkje og vurdere kva som er best dei neste 50 åra. Vi skal skape ei kommune for dei neste 50 åra, ikkje berre for neste veke og neste år.

Harald Furre

Ordførar i Kristiansand, Harald Furre, er særs nøgd med at den nye K5-avtalen er klar.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Folkeavstemming lite representativt

Dersom fleirtalet i ei folkeavstemming i ein kommune viser nei til samanslåing vil prosjektet likevel gå vidare. Det er ei totalvurdering som vil vere avgjerande.

– Alle folkeavstemmingane er rådgjevande. Det som er avgjerande er kva kommunestyra seier i slutten av juni. Kommunestyret sine medlemmar må gjere seg opp ei samla vurdering av korleis landskapet ser ut, seier han.

Han viser til at folkeavstemmingar kan vere lite representativ for kva alle innbyggjarane meiner.

– Vi veit frå andre stader at valdeltakinga i folkeavstemmingar normalt er ganske låg i forhold til kommuneval. Vi veit samstundes også at det er nei-sida som normalt mobiliserer, medan dei som er positive let vere å stemme, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %