NRK Meny
Normal

Kampen mot smuglarane

Tollvesenet møter stadig nye og kreative smuglemetodar, og vedgår at lovbrytarane er i førarsetet. NRK.no vart med Tollvesenet på jakt etter smuglarane.

Toll

Ein tollar kontrollerer bilar ved havna i Kristiansand. Tollarane får stadig nye utfordringar i form av nye og avanserte smuglemetodar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi må nok innsjå at vi alltid vil liggje eit steg bak smuglarane, seier kontorsjef ved Tollvesenet i Kristiansand, Helge Breilid.

Helge Breilid

Helge Breilid er klar på at ein aldri vil bli kvitt narkotikasmugling.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Han har jobba i Tollvesenet sidan 1981. I løpet av desse åra har det skjedd ei enorm utvikling i metodebruk blant smuglarane, spesielt innan narkotikasmugling.

Brukar vinkelslipar

På 80-talet kom smuglarane aleine i utanlandske bilar, med narkotika i baksetet. I dag kjem dei med falske norske skilt, og narkotika gøymt i både veggar, tak og bildekk.

– Av og til må vi inn med både vinkelslipar og skrujern for å komme til. Nokre av bilane ser ikkje ut etter at vi har vore i sving og avdekt narkotikasmugling, seier Breilid.

Andre svelgjer og puttar narkotika inn gjennom kroppsopningane.

Tollvesenet opplever også at smuglarar har med seg barn i bilen og forklarar at dei skal på ferie i Norge.

I tillegg er smugling med småbåtar mellom Danmark og Norge eit aukande problem.

Viktig narkovåpen

Tollvesenet i Kristiansand

Tollvesenet i Kristiansand kontrollerer bilar som køyrer av danskebåten.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi må vere på hugget heile tida og på vakt for nye metodar. Det er ein utfordrande jobb, vedgår Breilid.

Det er rett før midnatt. Tollarane i Kristiansand havn gjer seg klar til å ta imot over 500 passasjerar, som kjem med danskebåten.

Tollhund

Bailey er klar til teneste.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Dei uniformkledde tollarane har plassert seg på fleire ulike punkt.

Ein av dei har med seg hunden Bailey, som er eitt av dei fremst våpna mot smuglarane. Bailey er norges eldste narkotikahund med snart 12 år på baken.

– Bailey er utruleg viktig i vårt arbeid. Ho har avslørt mange narkotikasmuglarar, fortel vaktsjef Ellinor Vedal.

Ho stiller seg opp i tollområdet saman med to kollegaer. Innst i gangen ser vi den første passasjeren i stor fart. Tollarane er på vakt, Bailey dreg i bandet, hundeføraren må halde att. Mannen som kjem imot er frå utlandet.

– Where are you going, spør den eine tollaren.

– Grimstad. My bus is leaving in few minutes, seier mannen medan Bailey snusar.

Denne gangen fann dei ingenting, men personar som i hu og hast spring av båten vekkjer merksemd hos tollarane.

Tollhund

Hunden Bailey snusar på alle passasjerane som går i land i Kristiansand havn.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Ser raskt om nokon peikar seg ut

– Vi tek ofte passasjerar til side og snakkar med dei. Vi spør kva dei skal og kvar dei kjem ifrå. Vi ser raskt om dei ikkje snakkar sant. Om vi har mistanke om at dei skjuler noko, tek vi dei inn på siderommet og kroppsvisitterer dei, seier Vedal.

Tollområdet vert raskt fyllt opp av folk som går av danskeferja.

Bailey har nok å gjere og det vert kø. Det er tydeleg at mange av passasjerane har drukke alkohol. Det kjenner ein på lukta. Mange ler og er i godt humør.

– Vi ser på kroppsspråket til dei som passerer. Vi ser ganske raskt om nokon peikar seg ut og er nervøse, seier ho.

Andre passerande er stille og ser ut til å vere ubekvemme med å møte tollarar og hund.

Med kritiske auge studerer tollarane alle som passerer grøn sone. Midt inne i folkemengda ser Ellinor ein person, som ho meiner må kontrollerast.

Ho stiller ei rekkje spørsmål, og ber mellom anna om å få sjå passet til mannen. Han er frå Kroatia og forklarar at han skal til Bergen.

Vaktsjefen ser gjennom deler av bagasjen. Heller ikkje her er det noko å finne. Mannen får gå vidare.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Hissig passasjer

Alle passasjerane er ute. Dei tre tollarane vender nasa mot garasjen for å hjelpe kollegaene med å kontrollere bilar, som køyrer av ferja. I garasjen står det tre bilar, som er hanka inn.

Den eine er norsk, dei to andre er polske. Det er både øl, sigarettar, mat og andre varer på benkar og bord i lokalet.

– Her er det litt av kvart. Det er tre personar i bilen. Dei har definitivt med seg meir enn dei har lov til. Her må vi nok skrive ut gebyr, seier tollinspektør Atle Tveit.

Det viser seg også at ein av personane har med seg 40.000 kroner i kontantar, som ikkje er deklarert. Eigaren slår seg vrang når han får vite at han kjem til å miste ein del av pengane.

– Det er fullstendig uaktuelt. Dette skal vi sjå på, seier mannen tydeleg irritert.

– Dette er ikkje noko å sjå på. Det er ikkje noko å diskutere, seier Tveit og tek mannen med seg inn på eit siderom for å fylle ut dei naudsynte papira.

Atle Tveit

Tollinspektør Atle Tveit går gjennom varer som låg i den norske bilen. Personane hadde med seg alt for mykje alkohol og sigarettar. Det resulterte i gebyr og inndraging av varene, som dei ikkje hadde lov til å ha med seg.

Foto: Sander Heggheim/NRK

To månader gammal hund

Heilagt vatn

Ein av tollarane kontrollerte innhaldet i fleire glas med gjennomsiktig væske. På eit klistermerke stod det «heilagt vatn» på flaska.

Foto: Sander Heggheim/NRK
Hund i tollen

Den vesle hunden tittar forsiktig opp frå ei veske i den polske bilen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Ein av tollinspektørane går gjennom ein av dei polske bilane.

Her viser det seg å vere ein liten hund i ei veske.

Med jamne mellomrom tittar den forsiktig opp frå veska, som ligg i baksetet på den polske kassebilen.

Etterkvart kjem det fram at det vesle nurket berre er to månader gammalt.

– I slike situasjonar tek vi kontakt med Mattilsynet. Skal ein ha dyr med inn i landet må ein ha papira i orden. Det var dei ikkje her, så dette må vi sjå på, seier vaktsjef Ellinor.

I den same bilen vert det funne fleire små glas med ei gjennomsiktig væske.

– Heilagt vatn står det her, ler tollaren medan ho opnar glaset og luktar på innhaldet.

Det er også ein del av jobben. Alt av mistenktelege gjenstandar må opnast, kjennast på og luktast på.

– Æsj, det der stinka, seier ho.

Etterkvart slår tollaren fast at det ikkje er snakk om noko ulovleg.

Så jaktar ho vidare etter ulovlege stoff og gjenstandar i koffertar, posar og kassar.

Ellinor Vedal

Vaktsjef Ellinor Vedal stiller fleire spørsmål til ein mann som akkurat har komme ut av danskebåten.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Får tips om smuglemetodar

Denne kvelden vert det ikkje gjort store beslag, og ikkje eit einaste narkotikabeslag. Men tollarane må vere meir skjerpa enn nokon gong.

– Det er jo det som er moro med denne jobben også. Ingen dag er lik. Vi må vere på vakt og jakte nye stader narkotika kan vere gøymt, seier vaktsjefen.

Eit omfattande internasjonalt samarbeid haustar også frukter. Tollvesenet i Norge får melding frå Interpol og kolleger i utlandet om nye smuglemetodar og kva ein skal vere på vakt mot.

– Ein følgjer situasjonen fortløpande. Gjennom tips frå andre land er det lettare å avsløre nye metodar, seier Geir Høiseth som er underdirektør i Tollvesenet.

Tollvesenet med røntgen

Ein av tollarane i Kristiansand køyrer gjennom eit bildekk i røntgenmaskina og slår fast at det ikkje er nokon gjenstandar i dekket. No kjem det ei tilsvarande maskin på Gardermoen for å scanne menneskekroppar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Røntgen på Gardermoen

Ny teknologi har også gjort det lettare for Tollvesenet å avsløre smuglarar. No er det mogleg å scanne lastebilar, bilar og pakkar gjennom røntgen. I løpet av kort tid vil ein og kunne scanne personar på same måte.

– Vi skal køyre eit prøveprosjekt på Gardemoen. Forhåpentlegvis vil det fungere slik vi ynskjer. Då vil vi lettare kunne avsløre personar som svelgjer eller puttar narkotiske stoff inn i kroppen, seier Høiseth.

Også han er klar på at ein aldri vil få brukt med smugling av narkotika.

– Fantasien er stor blant smuglarane og det kjem stadig nye metodar. Mørketala er der når det gjeld personar som slepp unna, men kor store dei er veit vi ikkje, seier han.

– Vi må vere så godt rusta at sjansen er stor for å bli teken. Vi må berre innsjå at vi aldri vil klare å stoppe innførselen av narkotika, seier Helge Breilid ved Tollvesenet i Kristiansand.

Tollvesenet grundig til verks

Tom Hodne går grundig til verks i ein av bilane. Alle holrom vert nøye gått gjennom og saumfart.

Foto: Sander Heggheim/NRK