Hopp til innhold

Kalv fødd med misdanningar

Veterinærinstituttet slår alarm etter at ein kalv vart fødd med misdanningar i Grimstad 17. april. Etter nærare undersøkingar vart Schmallenbergviruset påvist på kalven.

Kalv med Schmallenbergvirus

Kalven som vart fødd med misdanningane var dødfødd.

Foto: Erling Bøhn/Veterinærinstituttet

– Eigaren varsla Mattilsynet som fatta mistanke om at det kunne dreie seg om schmallenberg. Den vart send til obduksjon hos oss, seier Ståle Sviland som er forskar hos Vetereinærinsituttet.

Kalven var dødfødd med deformerte bein, vridd hals og S-forma ryggrad. Dette er den første påvisinga av Schmallenbergvirus i Norge.

Ikkje smittsamt

Viruset er sjeldan og ein reknar med at fire prosent av kalvane som er smitta av viruset vert fødde med misdanningar.

Viruset smittar ikkje frå dyr til dyr og heller ikkje til menneske.

Det er i første rekkje foster som kan bli alvorleg skada og døy av viruset.

– Viruset kan gi lett sjukdom hos storfe og kanskje sau i form av diaré og nedsett mjølkeproduksjon hos mjølkedyr. Den er forholdsvis lett og går over 2-4 dagar, seier Sviland til NRK.

– Det som er meir alvorleg er misdanningane som nokre av fostera får. Dersom kua er drektig i den rette perioden, når den er infisert av viruset, kan det i nokre tilfelle gå over på fosteret og danne misdanningar på fosteret, seier han.

Ber bønder varsle

Veterinærinstituttet ventar at det vil bli fødd fleire kalvar som i Grimstad i tida framover.

No ber dei bønder på Austlandet, Rogaland og Sørlandet vere på vakt dersom kalvar vert fødde med misdanningar.

– Kalvar som vert fødde med misdanningar, gjerne om dei stive eller krumme bein, der kroppen er deformert, ryggen er skeiv i ein eller annan retning, så skal ein varsla Mattilsynet eller Veterinærinstituttet for å få den undersøkt, seier han.

Det er sviknott som overfører viruset. Forskaren seier at viruset kom til Norge i månadsskiftet august-september i fjor.

– Vi kan vente at nokre fleire kyr vil føde slike kalvar. Det må vere aktiv sviknott-sesong for å overføre viruset. Vi reknar med tidspunktet for å kunne vente slike kalvar er ut mai, seier Sviland.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %