Hopp til innhold

Frp-politikar i flyktningdebatt: – Dei luktar og slår ungane sine

Line Haugland (Ap) vart sjokkert då Frps vararepresentant Sylvi Hardy heldt eit innlegg i Arendal bystyre. Mellom anna sa Frp-representanten at flyktningar «luktar» og «bankar og slår ungane sine».

Sylvi Hardy

Sylvi Hardy på talarstolen i Arendal bystyre.

Foto: Skjermdump frå Arendal bystyre si direktesending på nett

Det var då bystyret skulle diskutere flyktningplanen i kommunen at Sylvi Hardy (Frp) gjekk på talarstolen. Hardy som er 10. vararepresentant for Frp i bystyret sa mellom anna dette.

– Vil vi eigentleg ha inn i vår eiga stove nokon som tenkjer, et og luktar fordi dei et annan mat, heilt anleis enn oss, spurte Hardy.

I tillegg sa ho:

– Dei har ein heilt annan kultur og ein annan måte å tenkje på. Dei bankar og slår ungane sine.

Vart sjokkert

Line Haugland

Ap-politikar Line Haugland er sterkt kritisk til kommentarane til Frp sin vararepresentant i bystyret.

Foto: Svein Sundsdal

Line Haugland gjekk på talarstolen like etter og stilte spørsmål om kvifor ordføraren ikkje hadde «klubba» ned Frp-representanten.

Ifølgje Haugland reagerte fleire politikarar i salen på kommentarane til Hardy.

– Eg byrja å lure på om eg høyrde riktig og om det faktisk vart sagt. Det var såpass grove uttalelsar og såpass stigmatiserande utalelsar at eg ikkje trudde mine eigne øyrer, seier Haugland til NRK.

– Eg opplevde det som grovt stigmatiserande og rasistisk. Det vart sagt at dei slår barna sine og at dei luktar vondt. Då lurer eg på kva ein held på med og kva århundre ein eigentleg befinn seg i, seier Arbeiderparti-politikaren.

Hardy: – Eg sa berre sanninga

Sylvi Hardy står ved alt ho sa i bystyret i Arendal torsdag ettermiddag.

– Eg har ikkje komme med noko rasistisk innlegg. Eg har komme med sanninga slik den er. Det er ikkje til å komme forbi at folk frå ein heilt annan verdsdel, religion og annan måte å leve på, ikkje har same verdiar, tenkjemåte og vere måte slik som vi er vande til her hos oss, seier ho til NRK.

– Eg har høyrt at vi som drikk mykje mjølk luktar mjølk og ikkje luktar godt. Når du et veldig mykje krydder og anna mat, så luktar du anleis, seier ho.

– Er det eit problem?

– Eit problem? Vel. Sjølvsagt er det eit problem.

– På kva måte?

– Ja. Dei fleste av oss vil gjerne lukte godt når ein treff folk. Vi tek ein dusj, reine klede og parfymer. Det er eg vand med at folk gjer i min omgangskrets. Dei luktar anleis vanlegvis, men eg går ikkje og luktar på alle folk, seier ho.

Skal ta imot 105 flyktningar

Arendal bystyre vedtok torsdag ettermiddag å ta imot 105 flyktningar neste år. Det er Hardy sterkt kritisk til.

– Vi tek allereie imot 50 pluss familiegjenforening. Stor-Arendal er berre 48 000 menneske. Dei skal bu, helst han ein omgangskrets og dei skal integrerast. Det trur eg ikkje blir så enkelt, seier ho.

– Kvifor?

– Kor mange ser du som er integrert? Kor mange ser du arbeid? Det ser du jo sjølv, seier ho.

Line Haugland angrar ikkje på at ho gjekk på talarstolen etterpå.

– Eg tykkjer det viktig å seie ifrå. Det hjelper ikkje å sitje stille. Eg er veldig glad for at fleire reagerte med sjokk. Ein må seie ifrå når menneske snakkar slik om andre menneske, seier ho.

Frp-leiar: – Tek fullstendig avstand

Anders Kylland er fylkesleiar i Aust-Agder Frp og varaordførar i Arendal. Han var sjølv tilstades i bystyresalen og tek avstand frå kommentarane til partikollegaen.

– Det kan eg ikkje identifisere meg med. Det harmonerer verken med flyktningplanen som vi behandla eller intensjonen bak ei god integrering. Den type formulering er det berre å ta fullstendig avstand frå, seier Kylland til NRK.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %