Ifølgje ei undersøking gjort av Norstat er det berre finnane som drikk meir kaffi enn nordmenn.
Tala viser også at i dei tre nordlegaste fylka seier over 50 prosent av befolkninga at dei drikk minst fire koppar kaffi kvar einaste dag.
Men på Sørlandet er det berre 25 prosent av befolkninga som seier det same.
- Les også:
– Vi ligg litt etter
– Folk set nok ikkje like stor pris på ein god kopp kaffi her som dei gjer andre stader.
Det seier Emil Lysø, barista og bakar hos kafeen Drømmeplassen i Kristiansand. Han er overraska over at differansen er så stor mellom nord og sør.
– Men det er nok meir fokus på kaffi andre stader i landet enn det er her nede. Vi ligg nok litt etter, rett og slett.
Lillan Ballstad driv Tea & Coffee Shop i sentrum av Kristiansand. Ho fortel at ho sel mykje te.
– Men du kan aldri kome opp i dei vanvitige kiloa som med kaffe. Te appelerar kanskje til fleire mennesketypar enn kaffi, frå unge til gamle.
- Les også:
– Sørlendingar er kvalitetsbevisste
I tillegg til at undersøkinga frå Norstat viser at ein drikk mindre kaffi i sør enn i nord, viser den også at på små stader med få innbyggjarar drikkast det langt meir kaffi enn i byane.
Håkon Carlos Søby driv eit kaffibrenneri på Tveit i Kristiansand. Han sel kaffi til den sørlandske marknaden, og har ein teori om kvifor sørlendingar drikk færre koppar enn i nord.
– Eg trur grunnen er at vi rett og slett fokuserer meir på spesialkaffi her, og at ein då drikk ein eller to gode koppar framfor fire-fem dårlege koppar.
- Les også: