NRK Meny
Normal

Julesnøen kosta 7 millionar kroner

Brøytebudsjettet til Kristiansand kommune var brukt opp allereie før det store snøfallet i jula.

Snø i Gyldenløvesgate

SNØ: Slik såg det ut i Gyldenløvesgate i Kristiansand julaften.

Foto: Kai Stokkeland/NRK

– Snøvêret som kom frå 20. desember og fram til nyttår resulterte i ein ekstrakostnad for kommunen på sju millionar kroner, seier varaordførar i byen, Jørgen Kristiansen til NRK.no.

Jula 2012 vart den meste snørike på nesten 50 år på Sørlandet. Snøfallet gav store utfordringar i samband med brøyting i byen.

– Brøytebudsjettet var brukt opp allereie den 20. desember. Policyen vår er at om det er snø, så skal den ryddast, seier Kristiansen.