TENNING: Julegrana i Arendal var ikkje sikra, og det straffa seg.
Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRKGrana var ikkje sikra og vår reporter rapporterte følgjande frå julegrantenninga på Sam Eydes plass i Arendal sentrum:
– Folk stod på god avstand. Folk var nok litt usikre på om den ville halde, sa reporteren.
Få minutt etter deisa altså grana i bakken. Til alt hell skal ingen personar ha vore i nærleiken då den kring 12 meter høge grana knakk heilt nederst.
Sikra med tau
I Kristiansand var julegrana på Torvet sikra med tau fleire stader for å hindre at den skulle velte. Det var óg sett opp sperringar nær grana.
– Det er trygt. Viss ikkje hadde vi ikkje gjort det. Vi har bardunert treet og sperra av, seier Leif Jensen til NRK.no.
KNAKK: Flaks gjorde at det ikkje var folk rundt grana då den knakk.
Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRKMåtte halde seg fast
– Når vi rigga tidlegare i dag måtte eg halde meg fast i ein stolpe for å ikkje blåse bort. Når det knakk for to år sidan var det mindre vind enn no, seier han.
Han var sikker på at grana skulle tole vinden.
– Den knekk ikkje no når vi har bardunert den. Viss vi ikkje hadde gjort det hadde det knekt, seier Jensen.
TENT: Julegrantenninga i Kristiansand gjekk som planlagt søndag. Men kommunen sikra grana for å vere sikker på at den ikkje skulle knekke.
Foto: Johanne Tunaal-Larsen/NRKOgså på Birkeland tok vinden tak i julegrana. Akkurat i det nissane pakka saman kom det eit skikkeleg vindkast som gjorde at grana vart skeiv.
Rask handling med traktor gjorde at ein fekk retta opp igjen grana.
Det holdt på å gå gale også i Birkeland...
Foto: Jan Jørg Tomstad/NRK...lokalbefolkninga var raske med å få julegrana på plass igjen.
Foto: Jan Jørg Tomstad/NRK