Hopp til innhold

Jubla for klubbrekord etter ny siger

ØIF ARENDAL – NØTTERØY 27–20 (15-10): ØIF Arendal sette klubbrekord i eliteserien då dei slo Nøtterøy på heimebane.

Svenn Erik Medhus, ØIF Arendal

Svenn Erik Medhus.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK
Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

Trenar Marinko Kurtovic.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

Aldri tidlegare hadde klubben vunne fem eliteseriekampar på rad.

Den barriera braut dei då tabelljumbo Nøtterøy vart slått 27–20 i Arendal.

Sigeren betyr også at ØIF Arendal ligg på 2. plass på tabellen med lik poengsum som Elverum og Bodø, som ligg på første- og andreplass i eliteserien.

– Det er fantastisk. Det er herleg. Det er litt tidleg. Eg skulle heller ønske at det var siste serierunde. Eg håpar vi kan vere med heile vegen inn, seier keeper Svenn Erik Medhus til NRK.

Nærmar seg 2010-rekord

Berre ein gong tidlegare har arendalittane hatt ein tilsvarande periode utan tap.

Det var i 2010/11-sesongen då laget spelte åtte strake eliteseriekampar utan å tape.

Frå 3 desember til 19. mars vart det sju sigrar og ein uavgjort kamp.

Etter søndagens siger heime mot Nøtterøy har ikkje ØIF Arendal tapt ein seriekamp sidan serieopninga mot Bodø 10. september.

– Spelarane har riktig «attityd» og fortener dette. Vi jobbar heile tida for å bli betre. Gode prestasjonar skapar tryggleik, seier trenar Marinko Kurtovic.

God Medhus

ØIF Arendal vann fullt fortent mot Vestfold-klubben. Til pause leia dei svarte og raude 15–10.

Nok ein gong var det keeper Svenn Erik Medhus som utmerka seg mest hos ØIF. Keeperen har vore klubben sin viktigaste spelar så langt denne sesongen.

– Vi har eit god forsvar som vanleg. Eg føler eg kjem greitt inn i kampen og får nokre gode redningar. Eg er godt nøgd, seier Medhus.

Kapteinen etter kampen mot Nøtterøy.

Sjå intervju med Kenny Ekmann.

Keeper Svenn Erik Medhus var godt fornøyd etter kampen mot Nøtterøy.

Sjå intervju med keeper Svenn Erik Medhus etter sigeren mot Nøtterøy.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %