Hopp til innhold

Jørgensen debuterer i kveld

Andrè Jørgensen får sin første kamp i ØIF Arendal-drakta i oppgjeret mot Follo i elitserien i kveld.

Andre Jørgensen

KLAR FOR DEBUT: Andrè Jørgensen debuterer i ØIF-drakta mot Follo kveld.

Foto: Pål Tegnander / NRK

– Eg gler meg, det blir spennande. Eg håpar på å kunne bidra med ein del mål, seier han til NRK.

Etter fleire år med proffspel i Spania og Danmark, skal Jørgensen igjen tre på seg den svarte og raude ØIF-drakta mot Follo i kveldens kamp i eliteserien. Jørgensen har fleire år bak seg som proff både i Spania og Danmark. Åra i utlandet har gitt han eigenskapar som kjem godt med i norsk eliteserie.

Merkar presset

André Jørgensen

SPENT: Andrè Jørgensen er spent føre debuten i kveld.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

– I dei ligaene er både fysikk og tempo mykje større enn i den heimlege ligaen. Den største utfordringa mi blir kanskje å halde nivået eg har holdt i utlandet, sjølv om tempoet er litt lågare her heime, men eg håpar og trur at det skal gå bra, seier han.

Jørgensen har fleire landskampar bak seg, han spelte blant anna i VM i 2005 og 2007, og i EM i 2006 og 2008. Han er merritert, og han kjenner forventningspresset før han skal spele for gamleklubben.

– Eg skal nok ikkje leggje skjul på det. Det har blitt skreve ein del og eg merkar presset utanifrå. Det har eg vore med på før. Det gjer ein litt smånervøs og det gjer som regel at ein spelar endå betre. Forventningspresset må ein berre leve med, seier han.

Andre Jørgensen

SKREIV UNDER: Det var ein stolt trenar, Leif Gatuestad (t.v), som sikra seg underskrifta til Jørgensen.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Dempar forventningane

Trenar Leif Gautestad trur Jørgensen vil bidra til å gjere ØIF Arendal til eit topplag i norsk samanheng, og på sikt er Europacupspel målet for klubben. Men han vil ikkje ha for store forventningar til Jørgensen allereie i den første kampen.

– Han har ein fantastisk spisskompetanse i skotet sitt. Vi har fått ein skyttar av internasjonalt kaliber, seier Gautestad.

– Forventningane er ikkje superstore, men samstundes veit vi at Jørgensen på sikt vil gje oss ein ny dimensjon. Det ville glede meg dersom han allereie frå dag einvil prestere på eit høgt nivå, seier han.

Bortekampen mot Follo startar klokka 18.30 i kveld.

Terminliste ØIF Arendal 09/10

Terminliste ØIF Arendal 09/10

1. ØIF Arendal - Sandefjord

27-24

2. Elverum - ØIF Arendal

30-17

3. ØIF Arendal - Follo

23-21

4. Bodø HK - ØIF Arendal

32-27

5. ØIF Arendal - Stord

27-30

6. Haugaland - ØIF Arendal

22-29

7. ØIF Arendal - Drammen

30-31

8. Fyllingen - ØIF Arendal

35-21

9. ØIF Arendal - Bækkelaget

32-26

10. ØIF Arendal - Elverum

32-32

11. ØIF Arendal - Runar

27-29

12. Sandefjord - ØIF Arendal

23-24

13. Haslum HK - ØIF Arendal

26-29

14. Follo - ØIF Arendal

30-22

15. ØIF Arendal - Bodø HK

32-29

16. Stord - ØIF Arendal

17-31-

17. ØIF Arendal - Haugaland

29-26

18. Drammen - ØIF Arendal

37-27

19. ØIF Arendal - Fyllingen

35-29

20. Bækkelaget - ØIF Arendal

32-26

21. ØIF Arendal - Haslum

31-30

22. Runar - ØIF Arendal

19-25

Ekspander/minimer faktaboks
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %