Normal

Jordmor bekymra for gravide

Jordmor i Kristiansand er bekymra for at gravide for dårleg oppfølging på grunn av for få jordmødrer. I enkelte tilfelle kan det gå fleire månader før dei får time hos ei jordmor.

Camilla Hellenes

Jordmor Camilla Hellenes er bekymfra for at det er for få jordmødre i Kristiansand.

Foto: Kari Jeppestøl Arntzen/NRK

– Det vert ikkje satsa på jordmødrer. Det er berre pålagt å ha ei i området, men om det er 20 eller 80 prosent stilling står det ingenting om, seier jordmor ved Strømme Helsestasjon i Kristiansand, Camilla Hellenes til NRK.

Det er eit stort press på jordmødrene i Kristiansand. Medan det i Lillesand er 120 gravide per jordmorstilling, var det over 350 ved enkelte av bydelane i Kristiansand førre gang dette vart rapportert.

Måtte vente fem månader

No er jordmora bekymra over svangerskapsomsorgen.

– Per i dag har vi ikkje god nok jordmordekning. Det vert stadig bygd fleire bustadfelt, men det følgjer ikkje ressursar til jordmortenesta, seier Hellenes.

Nina Messel ventar ein gut i mars. Ho er glad for alle konsultasjonane ho kan få hos ei jordmor.

– Skilnaden er at eg føler meg mykje tryggare. Eg har venninner andre stader i byen, som ikkje har den moglegheita som meg. Det var mellom anna ei som var fem månader på veg før ho fekk komme til ei jordmor, seier Messel.

Gravide har rett til å velje konsultasjon hos lege eller jordmor. Men i Kristiansand er dette umogleg i fleire bydelar.

Jordmor Hellenes meiner at mange svake grupper hadde hatt behov for meir enn nokre minutt for å sjekke det reint fysiske hos ein lege.

– Kan gå utover alle

– Det kan faktisk vere månader ventetid før dei får tid hos ei jordmor. Det er spesielt førstegongsfødande som det kan gå utover. Dei har gjerne mange spørsmål tidleg i svangerskapet, seier jordmora.

– Det kan og vere dei med fødselsangst som treng ofte og hyppige konsultasjonar. Dei kan også gjerne vere frammandspråkelege, innvandrarar og flyktningar men ein annan kultur som treng mykje informasjon og rettleiing. Generelt sett kan det gå utover alle, seier Hellenes.