Hopp til innhold

Jerv vidare etter straffedrama

To gonger kom Jerv på defensiven mot Hødd i kvalifiseringskampen til eliteserien. Begge gongane slo dei tilbake.

hødd jerv

Jerv-spelarane jublar etter å ha gått vidare i kvalifiseringsspelet til eliteserien.

Foto: magnus gamlem

Det stod 1–1 etter ekstraomgangar etter at Jerv sin toppscorar Ohi Omoijuanfo utlikna på overtid av ordinær tid.

Dermed måtte det straffekonkurranse til for å skilje dei to laga.

På den andre straffa bomma Jerv-spelar Dennis Antwi og Hødd såg ut til å ta seg vidare i kvalifiseringsspelet.

Fiaskostraffe

Men Hødd-spelar Michael Karlsen vart vel tøff i trynet då han skulle ta Hødd sitt femte straffespark. Karlsen prøvde på ein frekk lobb, men Jerv-keeper Øvyind Knudsen stod roleg på streken og plukka ballen enkelt.

Dermed måtte det nye straffer til.

På den sjuande straffa kom Hødd sin andre bom. Backen Christoffer Aasbak skaut over. Dermed fekk 18 år gamle Tobias Collett sjansen til å avgjere det heile for Jerv.

18-åring avgjorde

18-åringen frå Grimstad, som debuterte frå start i siste serierunde mot Follo gjorde ingen feil frå 11-meteren, og sende Grimstad nok ein gong til himmels. Jerv vanntil slutt 7–6 etter straffer.

– Du kjenner du lever for å seie det sånn. Det følast tungt no og det vil ta litt tid å komme over denne her. Det er synd vi ikkje får nokon kampar til, fordi vi er i kanonslag, seier Hødd-trenar Sindre Eid til NRK.

Jerv møter Kristiansund i neste kvalifiseringsrunde. Den kampen vert spelt i Kristiansund neste helg.

Jerv sikra også kvalifiseringsplassen på dramatisk vis førre helg. Då scora kaptein Glenn Andersen det avgjerande måletm som sende laget til kvalik, seks minutt på overtid.

hødd jerv

Her jublar Hødd-spelarane for 1-0-scoringa. Seinare utlikna Jerv.

Foto: magnus gamlem

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %